Gi meg en sebra!

(Omdirigert frå Gi meg en zebra!)
«Gi meg en sebra!»
Singel av Anita Hegerland
Land Noreg
Språk Norsk
Utgjeve 1971
Låtskrivar(ar) Carsten Klouman og Frode Færøvig

«Gi meg en sebra!» er ein singel av Anita Hegerland, gitt ut i 1971. Songen er skriven av Carsten Klouman og Dag Frøland.

Melodi Grand Prix

endre

«Gi meg en sebra!» deltok i Melodi Grand Prix 1971, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 1971 i Dublin i Irland. Songen blei framført på norsk av Anita Hegerland, og enda på fjerdeplass med 44 poeng.[1] Hegerland var berre ni år då ho deltok i den norske finalen, og ho er den yngste artisten i tevlinga si historie. Reglane i dag krev at artistane må vere 16 år, og Hegerland vil derfor truleg halde fram som den yngste deltakaren nokon gong i Melodi Grand Prix.

Singel

endre
  • Anita Hegerland. Utgitt på singelen Nor-Disc 2107 021 i 1971. Arr.: Carsten Klouman.[2]

Fotnotar

endre