Giftsprøyte
Giftsprøyte er ein avrettingsmetode der ein dødeleg dose gift vert injisert i blodet på den dømde. Giftsprøyta har gradvis teke over over andre avrettingsmetodar med argumentet om at ho er «meir human». Dette har vorte omdiskutert dei siste åra.
Giftsprøyte er den vanlegaste avrettingsmetoden i USA. Ho er òg nytta i Folkerepublikken Kina, og har vore nytta på Filippinene, i Guatemala og i Thailand.