Gilbert Thomas Walker
Gilbert Thomas Walker (14. juni 1868–4. november 1958) var ein britisk fysikar og statistikar. Han er best kjend for dei banebrytande arbeida over El Niño-fenomenet, og for å fremje studiet av klimaet i det heile.
Gilbert Thomas Walker | |||
| |||
Fødd | 14. juni 1868 Rochdale | ||
---|---|---|---|
Død | 4. november 1958 Coulsdon | ||
Nasjonalitet | Storbritannia | ||
Yrke | fysikar, statistikar, meteorolog, universitetslærar | ||
Institusjonar | Imperial College London | ||
Alma mater | Trinity College i Cambridge Imperial College London Whitgift School | ||
Medlem | Royal Society |
Walker var etablert som anvend matematikar ved Cambridge University då han vart generaldirektør for observatoria i India i 1904. Mens han arbeidde der studerte han monsunen i Indiahavet, det at monsunregnet ikkje kom gav opphav til ein stor sveltkatastrofe i 1899. Etter å ha analysert store mengder data over dei neste femten åra publiserte han dei første skildringane av den sørlege oscillasjonen til det atmosfæriske trykket mellom Indiahavet og Stillehavet, og korleis dei korrelerte med temperaturen og regnet i tropane, m.a. i India. Dette heng saman med Walkersirkulasjonen, som seinare vart kalla opp etter han.
Walker heldt fram med studia av dei årvisse vêr- og klimaendringane etter at han vart pensjonert frå arbeidet i India (i 1924), og han tok imot eit professorat i meteorologi ved Imperial College London. Det opphavlege målet sitt, å spå svikt i monsunregnet, hadde han berre måteleg suksess med, men teoriane og materialet hans representerte viktige steg framover i arbeidet mot betre modellar for klimaet over heile verda.
Bakgrunnsstoff
endre- Weather Facts: Sir Gilbert Walker - weatheronline.co.uk
- Pen portrait of Sir Gilbert Walker Arkivert 2007-07-12 ved Wayback Machine.
- Royal Society citation
- R. W. Katz «Sir Gilbert Walker and a Connection Between El Nino and Statistics,» Statistical Science, 17, (2002), pp. 97–112. Project Euclid