Monsun er eit vindmønster som skiftar heilt retning med årstida. Uttrykket blei opphavleg brukt om sesongbasert vind i Indiahavet og Arabiahavet. Ordet er òg brukt meir spesifikt for tidsperioden vinden bles frå sørvest i India og områda rundt, og som er karakterisert ved svært mykje nedbør.

Monsunskyer i Tamil Nadu.
Blomedalen i Kashmir blomstrar under monsunregntida.

Nord-Amerika har òg ein monsunliknande tidsperiode, men effekten av denne er svært liten i forhold til den totale nedbøren, området han dekker og talet på menneske som blir påverka av den indiske monsunen.

Etymologi endre

Ordet kjem frå det arabiske ordet موسم (mawsim), som betyr «årstid».

Uttrykket kom fram på 1500-talet då skipstrafikken auka i Indiahavet, fordi monsunvinden var svært viktig for seglforholda:

In Goa they stayed till the Monson, or time of the windes came in to sayle for China.

k1598 W. PHILIP tr. J. H. van Linschoten Disc. Voy. E. & W. Indies I. xcii. 143/1.

Monsunen har alltid vore svært viktig for folk i India sidan jordbruket over heile landet er avhengig av monsunregnet. Men miljøendringar har svekka eller endra monsunssystemet som har vore rådande i mange hundre år.

 
Kart av Herman Moll over havvindane i verda, mellom dei monsunane, frå 1711.

Prosessar endre

 
Kart over monsunprossesane i India.

Monsunen oppstår som følgje av at landområde blir varma opp meir enn havområda på visse tider av året. Denne ujamne oppvarminga kjem av to faktorar. Den eine er at varmen i havet blir vertikalt blanda gjennom eit «blandingslag» som kan bli 50 m djupt. Dette oppstår ved turbulens skapt av vind og bølgjer. På land trengjer derimot varmen tregt ned i bakken, og rekk kanskje 1 m nedover. Den andre er at varmekapasiteten til vatn er mykje større enn stoffa som utgjer landområda. Desse to faktorane fører til at landområda blir mykje raskare varma opp og får høgare temperatur enn havområda. Den varme lufta over land byrjar å stige (konveksjon), og dannar eit lågtrykksområde ved overflata. Dette fører til ein jamn, varm og fuktig vind frå havet og inn mot land for å fylle igjen lågtrykket. Dette skapar regn ved at lufta blir pressa opp av fjella, konvergens ved overflata, divergens i høgda eller frå stormproduserte utstrøymingar ved overflata. Uansett korleis lufta blir heva, fører dette til at lufta blir avkjølt ved [[adiabatisk temperaturendring]], som fører til kondensasjon, skyer og regn.

Om vinteren blir landområda rask avkjølt, medan havet held på varmen lenger. Den varme lufta over havet stig, og dannar eit lågtrykk over havet. Dette fører til ein vind frå land og ut mot havet medan eit høgtrykk blir danna over land. Høgtrykket blir forsterka av auka utstråling som fører til meir avkjøling. Dette skapar lange periodar med tørke i desse landområda.

Monsunen er mykje likt solgangsbrisen, som oppstår av akkurat dei same prosessane, men er ein døgnleg syklus og på mykje mindre skala.

Monsunsystem endre

 
Lågtrykk over Australia i januar 2003.

Etter at ein har byrja å forstå monsunen betre, har uttrykket monsun etterkvart blitt utvida til å gjelde alle vêrfenomen som oppstår til faste tider på året innanfor tropiske og subtropiske landområde.

Nordaustleg vintermonsun (Asia) endre

I Asia varer den nordaustlege vintermonsunen frå desember til tidleg i mars. Temperaturen over det sentrale Asia er lågare, og det oppstår eit høgtrykk der. Jetstraumen i dette området splittar seg i ein sørleg subtropisk jet og ein polar jet. Den subtropiske straumen fører til at nordaustleg vind bles over Sør-Asia, og skapar tørre luftstraumar som fører til klar himmel over India frå november til mai.

Samtidig oppstår det eit lågtrykkssystem over det nordlege Australia, og vind bles rett mot Australia. Under den nordaustlege vintermonsunen får Australia og det søraustlege Asia store nedbørmengder.

 
Monsun i Ladakh i indisk Himalaya.

Sørvestleg sommarmonsun endre

Den sørvestlege sommarmonsunen varer frå juni til august, og trekkjer seg mot Himalaya, som fører til at regn bles over India. Enkelte område kan få så mykje som 10 000 mm regn.

Indisk havmonsun endre

 
Monsunen kan skapa lokale flaumar, som her i Mumbai i 2005.
Foto: Hitesh Ashar

Den sørvestlege monsunen byrjar vanlegvis rundt midten av juni og varer ut august. Den startar først i kyststaten Kerala, og flytter seg gradvis nordover. Monsunen står for om lag 80 % av nedbørmengdene i landet. Indisk jordbruk (som utgjer 25 % av bruttonasjonalproduktet og gjev arbeid til 70 % av folkesetnaden) er svært avhengig av regnet, særleg avlingar som bomull, ris og korn. Visst starten av monsunen blir forseinka kan dette vere svært negativt for økonomien, slik som tørkeperiodane på 1990-talet viste.

Dei indiske byane set òg stor pris på monsunen, fordi den dempar den kraftige sommarvarmen i juni. Men på grunn av dårleg infrastruktur får dei fleste byane problem i tillegg. Vegar får hard medfart kvart år, og hus og gater i botn av bakkar og nær elver blir oversvømd, og då særleg slumområda. I tillegg vil kloakk og anna giftig avfall som regel strøyme fritt i dei oversvømde områda. Dette fører som regel med seg enkelte dødsfall, medan folk i landlege område mistar livet som følgje av lyndnedslag medan dei arbeider på jorda. Større flaumar har òg ført til større øydeleggingar og større tap av menneskeliv, som i Maharashtra i 2005.

Nordamerikansk monsun endre

 
Kart over den nordamerikanske monsunen.

Den nordamerikanske monsunen (NAM) oppstår frå seint mai eller tidleg juni og varer til ut i september. Den spreier seg frå Mexico og til det sørvestlege USA i midten av juli. Den råkar Mexico langs Sierra Madre i tillegg til dei amerikanske statane Arizona, New Mexico, Nevada, Utah, Colorado, det vestlege Texas og California. Monsunen flyttar seg til fjellkjedene i det sørlege California, men rekk ikkje ut til kysten og ofte er dei tilknytte toreskyene berre ein halvtimes køyretur inn frå kysten. Monsunen i Nord-Amerika har og blitt kalla «Mexicansk monsun», «sørvestmonsunen», «ørkenmonsunen» eller «Arizonamonsunen».

I samband med den nordamerikanske monsunen oppstår det eit høgtrykk, som flyttar seg nordover i løpet av sommarmånadane, og eit termalt lågtrykk (eit lågtrykk som oppstår som følgje av kraftig oppvarming av bakken) over det mexicanske platået og ørkenen sørvest i USA. Monsunen byrjar i det sørlege Mexcico i månadskiftet mai/juni og sprer seg raskt nordover langs vestsida av Sierra Madre fjella, og rekk opp til Arizona og New Mexico tidleg i juli. Over Hjørnestatane blir det så danna eit høgtrykk i høgda som skapar austleg til søraustleg høgdevind. Denne vinden fører fuktig luft frå Mexicogolfen, Cortezhavet og det tropiske Stillehavet inn i området og fører til kortvarige, men ofte kraftige torebyer, særleg over fjellområda. Torebygene blir av og til forsterka av tropiske bølgjer frå aust eller restane av tropiske stormar.

Så mykje som 70 % av nedbøren i dette området kjem i løpet av sommarmonsunen. Mange ørkenplanter er tilpassa slik at dei utnyttar denne korte regntida. På grunn av monsunen blir Sonoranørkenen og Mojaveørkenen rekna for å vere relativt «våte» samanlikna med andre ørkenar som Sahara.

Monsunar spelar ei viktig rolle med tanke på skogbrannfare ved å gi fukt til høgareliggande område og fylle ørkenelvane med vatn. Mangelen på monsunregn kan derimot føre til tørke. Det sørvestlege USA har hatt kontinuerleg tørke sida midten av 1990-talet.

Flaumfaren er alltid stor under monsunsesongen. Elver kan vekse seg store på eit augneblink, og strøyme inn i område som ikkje har sett noko til regnet. I tillegg kan lyn og torefaren vere stor. Mange golfbanar i Arizona har åtvaringssystem for torevêr.

Toreskyer i samband med den nordamerikanske monsunen sett frå El Cajon i California.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

Klimasoner i Köppen si klimaklassifisering
Gruppe A: TropiskRegnskog (Af) - Monsun (Am) - Savanne (Aw, As)
Gruppe B: TørtØrkenklima (BW) - Steppe (BSh, BSk)
Gruppe C: TemperertFuktig subtropisk (Cfa, Cwa) - Maritimt (Cfb, Cwb, Cfc) - Middelhavsklima (Csa, Csb)
Gruppe D: KontinentaltFuktig kontinentalt (Dfa, Dwa, Dfb, Dwb) - Subarktisk (Dfc, Dwc, Dfd)
Gruppe E: ArktiskTundra (ET) - Permafrost (EF) - Alpint (ETH)