Opna hovudmenyen

Giovanni Battista Sammartini (ca. 1700/170115. januar 1775) var ein italiensk komponist, organist, kormeister og lærar. Han hadde mellom anna Gluck som ein av studentane sine, og vart høgt respektert av yngre komponistar som Johann Christian Bach. Det er òg vorte merka at mange av stiliseringane i Joseph Haydn sine komposisjonar liknar dei til Sammartini, sjølv om Haydn nekta for at han var påverka av Sammartini.[1] Sammartini er særleg tilknytt danninga av konsertsymfonien gjennom både skiftet frå ein kort operaoverturestil og innføringa av nytt alvor og bruk av tematisk utvikling som kom før både Haydn og Mozart. Somme av verka hans er skildra som galante, ein stil tilknytt ideala i opplysingstida, medan «det rådande inntrykket etter verka til Sammartini er at han i stor grad medverka til utviklinga av klassisismen, som nådde eit høgdepunkt då livet hans gjekk mot slutten.».[2]

Giovanni Battista Sammartini
Giovanni Battista Sammartini.gif
Fødd1700 eller 1701
FødestadMilano i Italia
Død15. januar 1775
DødsstadMilano i Italia
OpphavHertugdømet Milano
PeriodeWienerklassisismen
Aktiv1732-1751
SjangerKammermusikk, symfoni
Verka somKomponist

Han vert ofte forveksla med bror sin, Giuseppe, som òg var komponist.

KjelderEndra

  • Denne artikkelen bygger på «Giovanni Battista Sammartini» frå Wikipedia på engelsk, den 2. mars 2012.
  • Cattoretti, Anna, ed., Giovanni Battista Sammartini and his musical environment, Brepols, Turnhout, 2004. ISBN 2-503-51233-X.
  • Churgin, Bathia and Jenkins, Newell. Thematic Catalog of the Works of Giovanni Sammartini: Orchestral and Vocal Music. Cambridge: published for the American Musicological Society by Harvard University Press, 1976. ISBN 0-674-87735-7.
  • Stedman, Preston. The Symphony. Englewood Cliffs, New Jersey: Prentice Hall 1992.
  1. Churgin, Bathia: "Sammartini [St Martini, San Martini, San Martino, Martini, Martino] Giovanni Battista", Grove Music Online ed. L. Macy <http://www.grovemusic.com>
  2. Cattoretti, Anna, ed. Giovanni Battista Sammartini and His Musical Environment. Brepolis, 2004.

BakgrunnsstoffEndra