Giovanni Battista Tiepolo

Giovanni Battista Tiepolo, også Giambattista Tiepolo, (5. mars 169627. mars 1770) var ein av dei viktigaste venetianske målarane på slutten av barokken og under rokokkoen. Mellom arbeida hans finn ein skildringar av heroiske epos, historiemåleri og operascener, religiøse festar og altartavler.

Giovanni Battista Tiepolo

Statsborgarskap Republikken Venezia
Fødd 5. mars 1696
Venezia
Død

27. mars 1770 (74 år)
Madrid

Yrke fresco painter, grafikar, bygningstegner, kunstmålar, grafikar, trykker, raderer
Sjanger Freskomåleri, religiøst maleri, allegori, dyrekunst, sjangerkunst, landskapsmåleri, mytologisk maleri, capriccio, portrett, karikatur
Far Domenico Tiepolo
Mor Orsetta Tiepolo
Ektefelle Maria Cecilia Guardi
Born Giandomenico Tiepolo, Lorenzo Tiepolo
Giovanni Battista Tiepolo på Commons

Liv endre

 
Moses vert funnen, 1736-38
 
Floras triumftog, 1743-44
 
Freskomåleri i taket på Würzburg, 1750-53
 
Den spanske kongefamilien, 1762-66

Tiepolo vart fødd i Venezia, der faren var ein skipseigar. Ein morbror ordna det slik at han kom i målarlære, men Tiepolo orienterte seg sterkare i retning kunsten til den fjorten år eldre Giovanni Piazzetta. 17 år gammal fekk han plass i målarlauget. Målarmeister vart han då han var 21 år gammal. Han fekk snøgt suksess, noko som gjorde han til ein ettertrakta og berømt målar. Mellom klientane hans i Venezia var også biskopen av Udine. Tiepolo dekorerte først nokre rom i bispegarden der, og han fekk andre bestillingsverk av bispen.

Åra 1745-50 arbeidde Tiepolo i Palazzo Labia i Venezia. Deretter reiste han med dei to sønene sine til Würzburg. Arbeida i Würzburger Residenz er av Tiepolo sine hovudverk. Tiepolo var, ved sidan av Tizian, den einaste store italienske målaren som reiste til Tyskland og arbeidde der. Etter heimkomsten til Italia arbeidde Tiepolo og sonen Giovanni Domenico Tiepolo på 'Villa ai Nani Valmarana' i Vicenza.

Mot slutten av livet budde Tiepolo i Madrid. Kunstnerisk vart arbeida hans meir og meir avlegse, då hoffmålaren Anton Raphael Mengs sin nyklassisistiske stil fekk forrang. For svak til å returnere til Italia, døydde Tiepolo våren 1770 i Madrid.

Arbeid endre

Tiepolos produksjon kan delast inn i fem fasar. Den første dekker åra 1715-30, og dermed den tidlege fasen av arbeida i Venezia og Udine. Deretter kjem perioden 1730-49, då det var stor rift om verka hans og han fekk store ordrar frå Bergamo, Milano og andre italienske byar. Tredje fasen er blømingsåra 1741-57, med Tiepolo sin tur til Würzburg og arbeidet med Palazzo Labia i Venezia og 'Villa ai Nani Valmarana' i Vicenza. Perioden 1757-62 omfattar dei siste fem åra i Venezia, medan den femte fasen er åra frå 1762 til -70 med verka han laga i Madrid.

Verka i Würzburger Residenz vert rekna som Tiepolo sitt viktigaste arbeid. I trapperommet ser ein freskane som viser dei fire verdsdelane, og i keisarhallen er det eit veldig bilete som syner bryllaupet til Fredrik Barbarossa og Beatrice av Burgund.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Giovanni Battista Tiepolo