Gisèle Rabesahala

gassisk politikar og aktivist, første kvinnelege statsråd i Madagaskar

Marie Gisèle Aimée Rabesahala (7. mai 192927. juni 2011) var ein gassisk politikar og aktivist. Ho var den første kvinna som hadde ei ministerstilling i regjeringa på Madagaskar. Ho gjekk inn i politikken allereie som 17-åring, aksjonerte på vegner av politiske fangar, og vart den første kvinnelege kommunestyremedlemmen på Madagaskar. Seinare vart ho den første gassiske kvinna som etablerte og leidde eit politisk parti.[1][2] Ho var ein engasjert marxist og var med på å grunnleggja det kommunistiske kongresspartiet for gassisk sjølvstende, som tok makta i 1975. I 1977 vart ho den første kvinnelege ministeren på Madagaskar, ansvarleg for å fremja revolusjonær kunst og kultur. I 1991 mista ho jobben då departementet hennar vart avskaffa i samband med at Madagaskar gjekk tilbake til fleirpartidemokrati. Ho heldt fram med å vere ein aktiv politisk aktivist og journalist til ho døydde i 2011.

Gisèle Rabesahala

Fødd7. mai 1929
Antananarivo
Død27. juni 2011 (82 år)
Statsborgar avMadagaskar
Yrkepolitikar

Bakgrunn og tidleg politisk karriere endre

Ho vart fødd inn i ein politisk aktiv familie i den sentrale høglandsbyen Antananarivo. Far hennar var underoffiser i den franske hæren, så i barndommen til Gisèle flytta familien fleire gonger, dit faren vart beordra –  i Frankrike, Tunisia og Mali. Då faren døydde i 1942, flytta resten av familien tilbake til Madagaskar.[3]

I barndommen hadde ho håpa å bli nonne, men ho nytta høvet til å få ei utdanning, noko få gassiske kvinner hadde på den tida. Ho blir sett på som ein pionér innan gassisk politikk og skaffa seg arbeid som stenograf. I 1950-åra vart ho involvert i nasjonalistiske miljø, i ein alder av 17 år.[3]

Rabesahala vart generalsekretær for Comité de Solidarité Malgache (‘Den gassiske solidaritetskomiteen’), ein organisasjon som vart oppretta dagen etter ei blodig hending på Madagaskar, som då framleis var under fransk kolonistyre. Frå starten var formålet med foreininga å skapa ei brei solidaritetsrørsle som arbeidde for å forsvara offera for undertrykkinga til den franske kolonimakta etter det gassiske opprøret i 1947. Suksessen og skipinga av solidaritékomiteen var kulminasjonen av ni år med samanhengande kamp for rettferd, fridom og nasjonal verdigheit, ein kamp som fekk støtte frå aktivistar i Frankrike og resten av verda. I 1960, då landet igjen vart uavhengig, endra organisasjonen fokus til utviklingsaktivitetar, og prioriterte fagområda utdanning og helse, i tillegg til å hjelpa dei mest nødlidande og offera for naturkatastrofar.[4] Rabesahala jobba for å sikra fridommen til tusenvis av fangar, skreiv artiklar for pressa og vekte internasjonal merksemd om deira situasjon. Ho tok kontakt med venstreorienterte medlemmer av den franske nasjonalforsamlinga for å organisera krav til den franske presidenten, Vincent Auriol, medan solidaritetskomiteen hennar jobba for å støtta familiane til fangane, for å hjelpa dei å takla vanskane dei opplevde.[5]

Rabesahala vart den første gassiske kvinna som vart vald som kommunestyremedlem i 1956. Ho var også den første kvinna som vart leiar av eit gassisk politisk parti, Union du Peuple Malgache, som ho grunnla i 1956. Ho var leiar av den gassiske fagforeininga FISEMA, som var knytt til den franske kommunistiske Confédération Générale du Travail, og ho sat i redaksjonen til Imongo Vaovao, ei nasjonalistisk avis som tok ei klar stilling mot fransk kolonistyre på Madagaskar. Ho hadde denne stillinga til 2011.[6]

Synspunkta hennar var utvitydig marxistiske så vel som nasjonalistiske. I 1958 var ho var ein av grunnleggjarane av Parti du congrès de l'indépendance de Madagascar (Antoko'ny Kongresi'ny Fahaleovantenan'i Madagasikara, AKFM), som sameinte fem nasjonalistiske organisasjonar.[6]

Karriere i politikken endre

I 1975, femten år etter at Madagaskar lausreiv seg frå Frankrike, tok AKFM makta og etablerte den sosialistisk-marxistiske demokratiske republikken Madagaskar (DRM). Rabesahala representerte AKFM i Avant-garde pour la Révolution Malgache, ein koalisjon av seks marxistisk-orienterte politiske parti. Ho representerte også heimbyen Antananarivo som vararepresentant i nasjonalforsamlinga. I 1977 vart ho den første kvinnelege ministeren på Madagaskar. Ho var minister for revolusjonær kunst og kultur fram til 1989, og kulturminister frå 1989 til 1991.[3]

Ho forlét vervet i august 1991 då den påtroppande regjeringa til Guy Razanamasy avskaffa departementet hennar, som ein del av ein overgang til fleirpartidemokrati. På den tida hadde AKFM delt seg mellom kommunistiske hardlinere og reformistar, der dei sistnemnde støtta demokratiske reformer. Rabesahala vart igjen med den delen av AKFM som hadde slått seg saman med den tidlegare presidenten av DRM, Didier Ratsiraka, under paraplyen til Mouvement Militant pour le Socialisme Malgache i 1990. Ratsiraka sitt forsøk på å bli president i valet i 1993 mislykkast, og AKFM vann ikkje eit einaste lovgivande sete.[3]

Rabesahala viste tydeleg motstand mot den nye regjeringa til Albert Zafy gjennom journalistikk og skriving av pamflettar, og då Ratsiraka kom tilbake til makta i valet i 1997, fekk ho igjen ein politisk framståande plass. Ho var rådgivar for statsminister Pascal Rakotomavo, men trekte seg i 1998 etter at AKFM heller ikkje denne gongen klarte å vinna nokon sete, og administrasjonen hadde vedteke ein strategi med liberale marknadsreformer. Ho jobba for å byggja ein fleirpartikoalisjon til støtte for president Ratsiraka, og han utnemnde henne til senator og ein av seks visepresidentar. Då Marc Ravalomanana tok makta i 2002, vart Rabesahala ei klar og konsekvent stemme for motstand mot det ho såg på som utanlandsk intervensjon og nyliberalisme i politikken hans.[3]

Ho fekk ingen barn og gifta seg aldri. Sjølv sa ho at ho føretrekte å tena landet sitt, heller enn å tena éin person.[6]

Ettermæle endre

I ein tale til Madagaskars parlamentarikarar rosa generalsekretær i FN Ban Ki-moon henne:[7]

«Avdøde Gisèle Rabasahala var ei stor dotter av Madagaskar og eit døme for verda. Ho gjekk inn i politikken då ho berre var 17. Ho kjempa mot kolonialisme og talte for dei fattige. Ho vart den første kvinnelege ministeren i Madagaskar. Ho sa sjølv ein gong: «Viss me ikkje veit kvar me kjem frå, veit me heller ikkje kvar me skal.» Eg oppmodar dykk til å følgja desse orda, læra frå historia deira og byggja ei betre framtid for alle.»

UNESCO inkluderte henne i 2013 i si oversikt over kvinner som har hatt noko å seia for afrikansk historie.[8]

Kjelder og noter endre

  1. «Gisèle Rabesahala». UNESCO. Henta 1. november 2016. 
  2. «Gisele Rabesahala: Walk To The Royal Hill of Ambohimanga» (PDF). UNESCO. Henta 8. november 2016. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Allen, Philip M.; Covell, Maureen. Historical Dictionary of Madagascar. Scarecrow Press. ISBN 978-0-8108-4636-4. 
  4. «Le Comité de solidarité». 
  5. Sylvia, Serbin; Ravaomalala, Rasoanaivo-Randriamamonjy. African women, Pan-Africanism and African renaissance. s. 56. ISBN 978-92-3-100130-7. 
  6. 6,0 6,1 6,2 «Portrait – Gisèle Rabesahala : La liberté et les droits humains, son combat de toute une vie». Midi-Madagasikara (Midi-Madagasikara). 9. mai 2014. Henta 27. oktober 2016. 
  7. Originalteksten, slik han er gjengitt i kjelda: The late Gisèle Rabesahala was a great daughter of Madagascar and an example to the world. She went into politics when she was just 17. She struggled against colonialism and advocated for the poor. She became the first woman Minister in Madagascar. She once said, “If we don’t know where we come from, we don’t know where we are going.” I encourage you to heed these words, learn from your history and build a better future for all.
  8. «UNESCO Women in Africa History | Women». en.unesco.org. Henta 12. mars 2024.