Gisøya

(Omdirigert frå Gisøyo)

Gisøya er ei øy i Fitjarøyane i Bømlo kommune. Inntil tidleg i 1990-åra høyrte øya til Fitjar kommune.

Gisøya
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Bømlo
Gardnummer 29
Ferdselsårer Fv18
Kart
Gisøya
59°53′19″N 5°04′00″E / 59.88866°N 5.06658°E / 59.88866; 5.06658

Handelsstaden Brandasund ligg på austsida av øya, med Selsøyo på andre sida av sundet. Sundet vert òg kalla Gisøysundet. I sør ligg Ylvesøyo, i nord Selbjørnsfjorden og Slåtterøy, medan berre nokre små holmar ligg mellom øya og storhavet i vest.

Historie

endre

Handelsstaden Brandasund og garden som høyrte til, er den einaste garden på øya, men det har vore folk på Gisøyo i lang tid. Det er mellom anna funne ei flintpil og anna flintmateriale i ein buplass frå steinalderen.

Gisøya var i privateige på 1500-talet. I 1590 var Trond Benkestokk eigar, og sidan sonen hans Jon, som selde øya til Anders MowatTysnes. Øya gjekk i arv til sonen Aksel Mowat og vidare til dottera hans Karen. Ho var gift med baron Ludvig Rosenkrantz, som fekk Gisøyo med henne. Baronen selde sidan øya på grunn av pengevanskar og ho hamna etter kvart i eige hos magister Samuel Schrøder, som var sokneprest i Domkyrkja i Bergen. Sidan vart handelsmennene i Brandasund eigarar.

Folketalsutvikling

1801[1] 1900[2]
7 24

Ein er usikker på tolkinga av øynamnet. Professor Magnus Olsen har gissa på at det første leddet kan vere frå mannsnamnet Geiteir.

Namnet vart skrive Gieszøen i 1570, Geidtzøe i 1599, Geze Sund i 1668, Gesesund i 1692, Gissesund i 1699, Giseøn eller Gisesund i 1723, Brandesund 1758, Gisøsund eller Brandesund i 1838, Brandøsund i 1866, Gisøsund i 1890.

Kjelder

endre
  • Simon Steinsbo (1986). Fitjar bygdebok - Gards- og ættesoge 1. Fitjar. 
  1. Folketeljing 1801 for Stord prestegjeld, frå Digitalarkivet
  2. Folketeljing 1900 for Fitjar herred, frå Digitalarkivet