Slåtterøy fyrstasjon
Slåtterøy fyrstasjon ligg på Slåtterøy, ei av dei ytterste Fitjarøyane i Selbjørnsfjorden og høyrer i dag til Bømlo kommune. Fyret vart oppretta i 1859 og er 25 meter høgt. Fyret er det mest lyssterke i landet etter at det kom elektrisk kraft fram i 1958[1], og frå ei høgd på 45,8 meter over havet lyser lykta 18,5 nautiske mil ut i havet. Frå landingen og opp til fyret går ein 300-400 meter lang veg i hogd stein.[2]
Slåtterøy fyr sett frå Såto på Gisøya | |||
Fylke | Vestland | ||
---|---|---|---|
Kommune | Bømlo | ||
Funksjon | Kystfyr | ||
Oppretta | 1859 | ||
Koordinatar | 59°54′29″N 5°4′2″E / 59.90806°N 5.06722°E | ||
Fyrtårn | |||
Høgd | 25 | ||
Form | Raudt med kvitt belte | ||
Byggjemateriale | Støypejern | ||
Fyrlys | |||
Lyskarakter | Kvitt rundtlysande, med 2 lynblenk kvart 30. sekund. | ||
Lysstyrke | 5 180 000 cd | ||
Lyshøgd | 45,8 moh. | ||
Lysvidde | 18,5 nm | ||
Status | |||
Eigar | Staten | ||
Automatisert | 1980-talet | ||
Avfolka | 2003 | ||
Vernestatus | Freda etter lov om kulturminner | ||
Slåtterøy fyrstasjon 59°54′29″N 5°04′02″E / 59.90805556°N 5.06722222°E | |||
Fyret var heimstad til tre familiar fram til 1958, då desse vart flytta i land, medan vaktarane hadde hyblar på fyret.
Fyret vart automatisert på 1980-talet og avfolka i 2003. I 1999 vart fyret freda av Riksantikvaren med heimel i kulturminnelova.
Klima
endreSidan juli 1923 har det vore vêrstasjon i drift på Slåtterøy. Denne vart automatisert i 1997. Slåtterøy er ein av stasjonane i Noreg med høgaste årsmiddeltemperatur.
Normalar for Slåtterøy fyr[3] | Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År |
Temperaturnormal (°C) | 2,5 | 2,1 | 3,1 | 5,0 | 8,7 | 11,5 | 13,1 | 13,8 | 11,9 | 9,5 | 5,9 | 3,8 | 7,6 |
Nedbør (mm) | 110 | 83 | 93 | 68 | 68 | 79 | 82 | 116 | 165 | 164 | 163 | 137 | 1328 |
Fotnotar
endre- ↑ Birger Bjørkhaug og Sven Poulsson. Norges fyr, bind 1. Fra svenskegrensen til Stadt. Oslo, 1986.
- ↑ Lys i mørke: En ny hverdag - Dokumentarserie på NRK
- ↑ eklima på met.no
Bakgrunnsstoff
endre- Slåtterøy fyrstasjon i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren