Opna hovudmenyen

Giskespelet er ei lokal og regional teaterframsyning med historisk innhald som vert framført i friluft ei helg annankvar sommar på øya Giske på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Handlinga i spelet er henta frå vikingtida og fortel om møtet mellom den mektige Giske-ætta Arnungane og Olav Haraldson. Spelet starta opphavleg som eit teaterprosjekt ved Giske barne- og ungdomsskule, men har utvikla seg til eit prosjekt for heile øya og eit besøksmål for heile regionen. Manuskriptet til skodespelet er skrive av Johannes Heggland, og musikken er av Terje Skytterholm.

Stiftinga Giskespelet blei oppretta i 1995. Giskespelet er blitt framført åtte gonger sidan starten og skal neste gong framførast sommaren 2011.