Opna hovudmenyen

Johannes Heggland

norsk skribent

Johannes Andreas Martin Heggland (29. juni 191924. januar 2008) var ein norsk forfattar frå Tysnes i Hordaland. Han debuterte som forfattar i 1941 med romanen Folk under fjell. Seinare har han mellom anna skrive mange romanar med emne frå historia. Sogespelet Kristkongane på Moster vert kvart år oppført på Moster, det såkalla Mostraspelet.

Johannes Heggland
Nasjonalitet Norsk
Fødd 29. juni 1919
Død

24. januar 2008 (88 år)

Periode 1941-2008
Debut Folk under fjell

Han forfatta ei lang rad historiske romanar, drama, ungdomsromanar, barnebøker og noveller. Forfatterskapen er løna med ei rad prisar. Barnebøkene Folket i dei kvite båtane og Den forfylgde er òg dramatisert som høyrespel for NRK Lørdagsbarnetimen.

Heggland var ordførar i Tysnes (1956–59) og (1968-71), fagkonsulent ved Den Nationale Scene, styremedlem i Den norske Forfatterforening, formann i Den norske forfatterforening (1982-85), medlem av Nordisk Råd sin priskomite (1983-86), medlem av Den norske forfatterforenings litterære råd, medlem av Norsk språkråd og styremedlem i Riksteateret. Han mottok i ei lengre periode Statens Kunstnerstipend.

15. juni 2005 vart det kunngjort frå slottet at Johannes Heggland var utnemnd til Riddar 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden for sin innsats for norsk kulturliv, og då særleg hans kjennskap til og skildring av norsk bygdeliv.

VerklisteEndra

  • Folk under fjell – roman (1941)
  • Den vegville ætt – roman (1943)
  • Guds åkerland – roman (1943)
  • Ein mann åtte ein vingard – roman (1945)
  • Manns blod – roman (1946)
  • Eit anna land – roman (1948)
  • Menneskebrunnen – roman (1949)
  • Den dyre lov – roman (1950)
  • Gard – roman (1951)
  • Du er den fyrste – novellesamling (1952)
  • Kvinnfolkgarden – roman (1955)
  • Dagen før domedag – roman (1961)
  • Folket i dei kvite båtane – barnebok ([962)
  • Bronsesverdet – barnebok (1963)
  • Skutelsveinen – barnebok (1964)
  • Den heilage øya – barnebok (1965)
  • Syskenlaget – barnebok (1966)
  • Vegen til den turre kjelda – roman (1966)
  • Fregattar i fjorden – barnebok (1967)
  • Ferda mot sør – barnebok (1968)
  • - dei spela gullterning – novellesamling (1968)
  • Gabriel – roman (1969)
  • I kongens klede – barnebok (1969)
  • Sølvdenaren – barnebok (1970)
  • Den forfylgde – barnebok (1970)
  • Munkestrien – barnebok (1971)
  • Rusdøler – roman (1971)
  • Selja frå Salmeli – barnebok (1972)
  • Ferda til Bjørgvin – barnebok (1973)
  • Den kvite guden – barnebok (1973)
  • På vidvanke – barnebok (1974)
  • Sira Dagbjørn – barnebok (1975)
  • Til framande strender – barnebok (1976)
  • Det pantsette landet – barnebok (1977)
  • Høgmessesundagen – roman (1977)
  • Brevet til Kongen – barnebok (1978)
  • Jøkul-sonen – barnebok (1979)
  • Synder – roman (1980)
  • Brødet frå havet - Ana Gyria – roman (1981)
  • Brødet frå havet - Born av støv – roman (1982)
  • Brødet frå havet - Svartesjøen – roman (1983)
  • Brødet frå havet - Ljosken frå paradis – roman (1984)
  • Seglet og vinden - Syllfest – roman (1985)
  • Seglet og vinden - I syndefallets tegn – roman (1986)
  • Seglet og vinden - Gullkalven – roman (1987)
  • Rømlingen – barnebok (1988)
  • Meisterens søner – roman (1988)
  • Guds husfolk – roman (1989)
  • Karjana – roman (1990)
  • Lyhamar – roman (1991)
  • Det stutte livet – roman (1992)
  • Retten til meg – barnebok (1993)
  • Jordparadiset. Kunnskapstreet – roman (1994)
  • Jordparadiset. Vårherres nedfallsfrukt – roman (1995)
  • Sjå kor dei elskar kvarandre – roman (1997)
  • Den unge kongen – barnebok (1999)
  • Det saltlause saltet – roman (1999)
  • Tusen vårar I. Sigrid Jonsdotter – roman (2001)
  • Tusen vårar II. Himmelstigen – roman (2002)
  • Tusen vårar IIl. Gud skifter andlet – roman (2003)
  • Det forunderlege – barnebok (2003)
  • Tusen vårar IV. Ingibjørg – roman (2004)
  • Tusen vårar V. Oppkoma – roman (2006)
  • Tusen vårar VI. Vårherres urtegard – roman (2008)

DramaEndra

  • Det store valet 1953
  • Herborg 1975
  • Kongsgildet på Ogvaldsnes 1981
  • Mostraspelet: Kristkongane på Moster 1984
  • Amerikafeber 1986
  • Vetespelet 1994
  • Giskespelet: Arnungane på Giske og Olav Haraldsson 1995
  • Håkonarvarde: Håkon Adelsteinfostre og Kongen med gullhjelmen 1997
  • Spel om Magnus Erlingsson 1999
  • Zetlitzspelet 2000
  • Syng elvestraum 2006

Prisar og utmerkingarEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra