Giulianova

kommune i Italia

Giulianova er ein by og ein kommune i provinsen Teramo i regionen Abruzzo i Italia. Kommunen har vel 23 000 ibuarar og eit areal på 27 km². Byen, som har sitt sentrum 68 meter over havet, ligg mellom elvane Salinello og Tordino.

Fridomsplassen i den gamle delen av Giulianova

Giulianova er delt mellom den historiske byen, «paese», oppe i åssida, og den nyare byen, «lido», nede ved sjøkanten. Turismen spelar ei stor rolle for den lokale økonomien. Byen, med fleire sandstrender, er om sommaren ein feriestad for folk frå storbyar som Roma og Milano, samt for tyske og franske turistar.

Kjelder endre