Opna hovudmenyen

Giuseppe Piazzi (16. juli 174622. juli 1826) var ein italiensk katolsk prest, matematikar og astronom. Han grunnla observatoriet i Palermo, no Osservatorio Astronomico di Palermo – Giuseppe S. Vaiana.[1] Kanskje den mest kjende oppdaginga hans var den første asteroiden, Ceres.

Giuseppe Piazzi
Giuseppe Piazzi.jpg
Giuseppe Piazzi
Fødd16. juli 1746(1746-07-16)
Ponte in Valtellina
Død22. juli 1826 (80 år)
Napoli
NasjonalitetItaliensk
OmrådeAstronomi
Yrkeastronom, universitetslærar, matematikar, prest
InstitusjonarUniversitetet i Palermo
UtmerkingarLalandeprisen (1803)
MedlemRoyal Society
Det bayerske vitskapsakademiet
Vitskapsakademiet i St. Petersburg
Det russiske vitskapsakademiet
Det prøyssiske vitskapsakademiet
Accademia Nazionale delle Scienze detta dei XL
Accademia delle Scienze di Torino

Han var professor i Palermo 1781 og direktør for det nyoppretta observatoriet frå 1791. Frå 1817 var han generaldirektør for observatoria i Napoli og Palermo. Han utarbeidde ein stor stjernekatalog (1803) og oppdaga i 1801 den første asteroiden (Ceres). I sin Palermo stjernekatalog frå 1814 innførte han nesten 100 nye «arabiske» og andre stjernenamn i moderne astronomi.

KjelderEndra

  1. Osservatorio astronomico di Palermo – Giuseppe S. Vaiana

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Giuseppe Piazzi