Giuseppina Leone (fødd 21. desember 1934) er ein italiensk tidlegare sprintar frå Torino. Ho var ein av dei beste sprintarane i Europa fram til 1960, sette europarekord på 100 meter i 1956 og vann bronsemedaljen på distansen under Sommar-OL 1960 i Roma.

Giuseppina Leone


Giuseppina Leone i 1960

Statsborgarskap Italia
Fødd 21. desember 1934 (89 år)
Torino
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1960, Sommar-OL 1956, Sommar-OL 1952

Aktiv endre

Leone markerte seg med fjerdeplass på 100 meter ved EM i friidrett 1954, der ho så vann bronsemedalje i 4 × 100 meter stafett med Italia sitt lag. 21. oktober 1956 i Bologna sette ho europarekord på 100 m med 11,4 sekund. Under Melbourne-leikane same hausten vart ho nummer fem på 100 m og i 4 x 100m stafett. På 200 meter rauk ho ut i forsøket.

Ved europameisterskapen 1958 enda Leone på femteplass på 100 m og fjerdeplass i stafetten. Sommaren 1959 i Torino sigra ho både på 100 m og 200 m i den aller fyrste universiaden. Under dei olympiske leikane i Roma i 1960 sikra ho seg bronsen på 100-meteren, på same tid som sølvvinnar Dorothy Hyman, begge vart dei klart slått av Wilma Rudolph frå USA. Leone vart deretter nummer seks på 200 m, før ho sprang Italia inn til femteplass i 4 x 100m stafett.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre