Giv'at Shmuel (hebraisk skrift גִּבְעַת שְׁמוּאֵל, tyder Samuelåsen) er ein by i Sentral distrikt i Israel. Han ligg aust i Gush Dan storbyområde og er omgjeve av dei større byane Ramat Gan og Bnei Brak i vest, Kiryat Ono i sør og Petah Tikva i aust og nord. Giv'at Shmuel har eit folketal på kring 23 706 (slutten av 2012).[1]

Giv'at Shmuel
by
Våpenskjold
Land  Israel
Distrikt Sentral
Koordinatar 32°4′41.23″N 34°50′51.22″E / 32.0781194°N 34.8475611°E / 32.0781194; 34.8475611
Areal 2,58 km²
Folketal 23 706  (2012)[1]
Folketettleik 9 188 / km²
Grunnlagd 1944
 - Bystatus 2007
Borgarmeister Yossi Brodny
Kart
Giv'at Shmuel
32°04′41″N 34°50′56″E / 32.078055555556°N 34.848888888889°E / 32.078055555556; 34.848888888889
Wikimedia Commons: Giv'at Shmuel

Byen er kalla opp etter den rumenske sionistleiaren Samuel Pineles, som starta og leia sionistkongressen i Focşani og var nestleiar i Den første sionistkongressen i Basel. Byen har i nyare tid blitt kraftig utvia og folketalet dobla frå 1998 til 2005. Giv'at Shmuel fekk bystatus i 2007.

Idrett endre

Maccabi Habik'a, tidlegare Maccabi Giv'at Shmuel, er eit basketballag som spelte i den øvste basketballdivisjonen i Israel, før dei rykka ned i 2007.

Venskapsbyar endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre