Opna hovudmenyen

Ramat Gan (hebraisk: רָמַת גַּן eller רָמַת־גַּן) er ein by i Tel Aviv distrikt i Israel, like aust for Tel Aviv. Her ligg ein av dei store diamantbørsane i verda, mange høgteknologiske føretak og den høgaste bygningen i Israel, Moshe Aviv-tårnet.

Ramat Gan
רָמַת גַּן, רָמַת־גַּן
by
Tel Aviv 20.05.11 006.jpg
Ramat Gan med Moshe Aviv-tårnet og Diamantbørs-distriktet
flagg
Våpenskjold
Namneopphav: Hagehøgdene
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Tel Aviv distrikt
Koordinatar 32°05′N 34°49′E
Areal 12,214 km²
Folketal 145 000 (2009) [1]
Folketettleik 11 872 / km²
Grunnlagd 1921
 - Bystatus 1950
Borgarmeister Yisrael Zinger
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Ramat Gan
Nettstad: www.ramat-gan.muni.il

Ramat Gan vart grunnlagd i 1921 som ein moshava, eit gardsbruk drive av felleskapet. Mot slutten av 2009 var folketalet 145 000.[1]

HistorieEndra

 
Ramat Gan frå Moshe Aviv-tårnet.

Ramat Gan vart grunnlagd av Ir Ganim-samskipnaden[2] i 1921 som ein drabantby for Tel Aviv. Dei første tomtane vart kjøpt mellom 1914–1918.[3] Busetnaden var først ein moshava, ein sionistisk jordbrukskoloni som dyrka kveite, bygg og vassmelonar.[4] Namnet på busetnaden vart endra til Ramat Gan i 1923. Busetnaden var ein moshav fram til 1933, men han fekk status som lokal kommune alt i 1926. På denne tida hadde han 450 innbyggjarar. I 1940-åra vart ei slagmark i språkkrigen til landet: Ei jiddiskspråkleg prentepresse i Ramat Gan vart sprengd av hebraiske språkekstremistar.[5]

I løpet av åra har økonomien endra seg frå jordbruk til handel og industri. I 1946 var folketalet vokse til 12 000.[3] I 1950 fekk Ramat Gan bystatus. I 1955 var folketalet på 55 000. Den førte borgarmeisteren var Abraham Krinizi, som hadde denne stillinga i 43 år. I 1961 vart kommuneområdet utvida austover, og omfatta området som i dag inkluderer Sheba medisinsentral i Tel Hashomer og Bar Ilan universitet. I 1968 vart den største diamantbørsen opna i Ramat Gan.[3]

Geografi og klimaEndra

Ramat Gan ligg i Gush Dan storbyområde aust for Tel Aviv. Han grensar i nord til Yarkonelva og i aust til Bnei Brak. Giv'atayim ligg i sørvest.[4]

Ramat Gan får kring 500 mm nedbør i året og ligg 80 meter over havet.[4] Han er bygd på ein kalksteinsås.[6] Ramat Gan omfattar Nasjonalparken som dekkjer kring 1 900 mål, og Davidparken i bydelen Merom Naveh.[7]

IdrettEndra

 
Ramat Gan stadion

Maccabiah-spela vert halde i Ramat Gan kvart fjerde år. Ramat Gan stadion er nasjonalstadionet til Israel med plass til 41 583 innbyggjarar. Dette er det største stadionet i landet. Hakoah Amidar Ramat Gan og Hapoel Ramat Gan, som begge spelar på Winter stadion, er dei største fotballklubbane i landet, og har begge vunne meisterskap tidlegare. I basketball spelar Ironi Ramat Gan i den øvste divisjonen.

VenskapsbyarEndra

Ramat Gan er venskapsby med: [8]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «Table 3 – Population of Localities Numbering Above 2 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. June 30, 2010. Henta 6. juli 2015. 
  2. «Ramat Gan i Israel». Henta April 6, 2008. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Ramat Gan». Jewish Virtual Library. Henta April 6, 2008. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «General Information». Ramat Gan Municipality. Arkivert frå originalen March 27, 2008. Henta April 6, 2008. 
  5. Pilowsky, A: «Yiddish Along_side The Revival of hebraiske Public Polemics on the Status of Yiddish in Eretz Israel, 1907–1929», Readings i Sociology of Jewish Languages, page 123. Josva Fishman ed, Leiden – E.J. Brill, 1985.
  6. «Ramat Gan». Henta April 6, 2008. 
  7. «Parks & Safari». Arkivert frå originalen March 17, 2008. Henta April 6, 2008. 
  8. http://www.ramat-gan.info/RamatGan/sister-cities/.  Missing or empty |title= (hjelp)
  9. <name="Phoenix sisters">«Phoenix Sister Cities». Phoenix Sister Cities. Arkivert frå originalen July 24, 2013. Henta August 6, 2013. 
  10. «Ramat Gan Sister Cities». 
  11. «Ramat Gan Sister Cities». 
  12. «Strasbourg, Twin City». Strasbourg.eu & Communauté Urbaine. Arkivert frå originalen July 28, 2013. Henta 21. august 2013. 
  13. «Ramat Gan Sister Cities». 
  14. «Ramat Gan Sister Cities». 
  15. «Ramat Gan Sister Cities». 
  16. «Ramat Gan Sister Cities». 
  17. «Ramat Gan Sister Cities». 
  18. «Ramat Gan Sister Cities». 
  19. «Ramat Gan Sister Cities». 
  20. «Ramat Gan Sister Cities». 

BakgrunnsstoffEndra