Gjøvik tingrett
Gjøvik tingrett er ein førsteinstansdomstol under Eidsivating lagdømme. Tingretten ligg på Gjøvik i Oppland fylke og dekker kommunane Gjøvik, Lunner, Gran, Søndre Land, Nordre Land, Østre Toten og Vestre Toten.
Tingretten vart oppretta den 1. januar 2009 ved at Toten tingrett og Hadeland og Land tingrett vart slått saman.
Domstolen består av sorenskrivar Ingjerd Thune, tre dommarar og tre dommarfullmektigar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Gjøvik tingrett» frå Wikipedia på bokmål, den 7. desember 2012.