Gjallarhorn

(Omdirigert frå Gjallarhornet)

Gjallarhorn (‘det gjallende hornet’) er eit horn knytt til guden Heimdall og den kloke Mime i norrøn mytologi. Det er nemnd ein gong i Den eldre Edda og tre gonger i Den yngre Edda. Ifølgje Snorre Sturlason i Gylvaginning vil Heimdall blåsa i hornet ved byrjinga av Ragnarok.[1]

Heimdall med Gjallarhornet, frå eit islandsk manuskript frå 1700-talet

Dette hornet kunne høyrast i både menneskeverda, gudeverda og underverda, og brukast til å vekka gudane dersom det er fare på ferde, særleg dersom nokon freista å koma seg over Bifrost, brua mellom Åsgard og Midgard, som Heimdall vaktar. Dette hornet skal òg markera byrjinga på Ragnarok, då verda går under.[2]

Namnet Gjallarhorn blir òg brukt om (drikke-)hornet som Mime drikk av frå Mimebrønnen for å få visdom.[3] Ein går også ut frå at eddadiktet Grimnesmål viser til Heimdall sitt horn som eit drikkehorn.[4] Den doble bruken av hornet - som blåseinstrument og som drikkehorn - har vore allment kjent òg i den «menneskelege» verda frå tidleg jernalder.[5] Hornet som varsling i strid er òg kjent frå andre land, jf. olifanten til den frankiske sogehelten Roland, som var eit blåseinstrument laga av elfenbein.

Kjelder endre

  1. Snorre Sturlasson, Gylfaginning (Den yngre Edda), Det norske samlaget (1973), s 47
  2. Snorre, s 87
  3. Snorre, s 34
  4. Grimnismål, vers 13
  5. Rudolf Simek, Dictionary of northern mythology, Stuttgart (1984), s 110-111

Bakgrunnsstoff endre

  • Anders Bæksted, Nordiske guder og helte, København (1984), s 142-145