Instrumentet olifant

Olifant (ein alternativ stavemåte for ordet elefant) er ein type jakthorn frå mellomalderen som var laga av elfenbein, altså støyttenner frå elefantar. Ein av dei mest segnomsuste olifantane tilhøyrde den frankiske sogehelten Roland, som er kjend frå mellomalderdiktet Rolandskvadet.

Olifant frå Le Musée Paul Dupuy i Toulouse.
Olifant laga i på 1100-talet i Sør-Italia, no ved Metropolitan Museum of Art.
Olifant i skattekammeret i katedralen i Aachen.

Olifanten til riddar RolandEndra

I Rolandskvadet ber Roland med seg olifanten sin i slaget ved Roncevaux, der han er i baktroppen av hæren til Karl den store. Riddaren Oliver, som var ein annan av paladinane til Karl den store, ber Roland blåsa i olifanten for å tilkalla forsterkingar, men Roland vil ikkje. Til sist gjev han likevel etter, men då har den frankiske hæren allereie tapt for sarasenarane. Roland freistar då å øydeleggja både olifanten og sverdet sitt, som har namnet Durendal, for at desse verdifulle gjenstandane ikkje skal falla i hendene til fienden. Historia endar med at Roland blæs i hornet, men krafta dette krev sprenger tinninga hans, og han døyr. Karlamagnús saga seier elles at olifanten til Roland var laga av hornet til ein einhjørning som var blitt felt i India.

Følgjande strofe er eit døme på Rolandskvadets omtale av Rolands olifant:

Rida dei ut av Franklandet
med dyra dros i salen
Bles i luren Olivant
på Ronsalavollen

Ronsalavollen er den norrøne forma av det franske stadnamnet Roncevaux, eller Roncesvalles på spansk.

Andre olifantarEndra

Ein annan berømt olifant tilhøyrde Gaston IV av Béarn. Denne er no i den spanske byen Zaragoza, som Gaston var med på å erobra frå muslimane.

Ulph-olifanten, som er i skattkammeret i katedralen i York, høyrer til ei gruppe olifantar som blei skorne ut i Salerno i siste halvdel av det ellevte hundreåret, då normannarane styrte der. Eit av motiva i relieffa som prydar Ulph-olifanten er eit par griffar som står rygg mot rygg med halar som endar i uhyrlege hovud med store øyre.

Ulph-olifanten er truleg den same som hornet som blei skjenka til katedralen i York av den adelege vikingen Ulph eller Ulf, som var busett i Yorkshire før regjeringstida til Edvard vedkjennaren . Edvard vedkjennaren var konge frå 1044 til 1066. I så fall kan hornet som i dag blir kalla Ulph-olifanten ikkje vera laga seinare enn i første halvdelen av 1000-talet.

Ei gruppe elfenbeinshorn pryda med utskorne band i låg-relieff blir rekna for å ha blitt laga i dei same verkstadene i Salerno som Ulph-olifanten var. Desse horna er i dag del av ulike samlingar rundt om i verda. Ein av desse olifantane finst i kartusianar-klosteret i Portes, ein annan i Boston Museum of Fine Arts. Andre horn i denne gruppa finst også i skattkammeret i St. Sernin-katedralen i Toulouse og i katedralen i Zaragoza.

KjelderEndra

LitteraturEndra

  • Rolandskvedet (Bokverk frå millomalderen 6), Det norske samlaget (1934), til nynorsk ved Johs. A. Dale

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Instrumentet olifant