Gjemnes kyrkje er ei langkyrkje frå 1893 i Gjemnes kommune, Møre og Romsdal fylke. Bygget er i tre og har mellom 310 og 350 sitjeplassar. Arkitekt for kyrkja var Jacob Wilhelm Nordan.[2][3]

Gjemnes kyrkje
kyrkje
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Møre
Prosti Indre Nordmøre
Sokn Gjemnes
Fellesråd Gjemnes
Type langkyrkje
Arkitekt Jacob Wilhelm Nordan
Material tre
Innvigd 1893
 - Endringar Pussa opp inni i 1963 og 1993.[1]
Tårn tårn i vest
Skip einskipka hallkyrkje
Klokker 2 klokker frå 1893
Kyrkjegard kyrkjegard ved kyrkja
Altartavle Frå 1893, måla av C. Waleur
Sitjeplassar 310–350
Kart
Gjemnes kyrkje
62°57′48″N 7°46′41″E / 62.9634°N 7.778°E / 62.9634; 7.778
Wikimedia Commons: Gjemnes kirke

Det er kyrkjegard ved kyrkja.

Gjemnes kyrkje is located in Møre og Romsdal
Plasseringa til Gjemnes kyrkje

Kyrkja er bygd på same vis som mange andre kyrkjer frå tida etter 1851, der det vart lovfesta at kyrkjene skulle kunne romme minst 3/10 av soknet.[4] Ho har inngang gjennom tårnet i vest, galleri, skip og kor. På kvar si side av skipet er det fire høge vindauge, og det er òg eit stor vindauge i austgavlen i koret. Ein kan sjå det frå utsida, men det er kledd att på innsida. Glasa i dette vindauget er delvis i fargar.[1]

Altartavla med motivet «Jesus går på vatnet og reddar Peter» er frå innviingsåret 1893 og er måla av salmakar C. Waleur.[5]

Gjemnes kyrkje er soknekyrkje i Gjemnes sokn i Indre Nordmøre prosti.[2]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Gjemnes kyrkje». Kulturnett / Møre og Romsdal. Henta 28. mai 2015. 
  2. 2,0 2,1 «Gjemnes kirke». Kyrkjesøk. Henta 28. mai 2015. 
  3. «Om kyrkjene i Gjemnes». Gjemnes kommune. Henta 28. mai 2015. 
  4. Norsk kirkeleksikon, side 39
  5. Norsk kirkeleksikon, side 276
  • Alf Henry Rasmussen, red. (1993). Våre kirker - Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. ISBN 82-7527-022-7. 

Bakgrunnsstoff endre