Gjemnes kommune
Gjemnes kommune er ein kommune som ligg på Nordmøre i Møre og Romsdal fylke. Han grensar mot Hustadvika kommune i vest og mot Molde i sør. Nord for Gjemnes ligg Averøy og Kristiansund, og over Tingvollfjorden i aust ligg Tingvoll kommune.
Gjemnes kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Adm.senter | Batnfjordsøra | ||
Areal | 381,63 km² | ||
• land | 371,37 km² | ||
• vatn | 10,26 km² | ||
Folketal | 2 700 (1. januar 2024) | ||
Målform | nøytral | ||
Ordførar | Knut Sjømæling (Sp) | ||
Kommunenr. | 1557 | ||
Gjemnes kommune 62°54′59″N 7°55′09″E / 62.916388888889°N 7.9191666666667°E | |||
Kart som viser Gjemnes kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Gjemnes | |||
Nettstad: www.gjemnes.kommune.no |
Kommunesenteret i Gjemnes er Batnfjordsøra som ligg inst i Batnfjorden.
Det er to kyrkjer i kommunen; Gjemnes kyrkje som ligg i bygda Gjemnes, og Øre kyrkje i Skeisdalen.
Geografi
endreLandskapet i Gjemnes varierer hovudsakleg mellom fjordar og fjell med toppar på kring 700-1000 moh. Det høgste punktet er Stortussen, lokalt kalla Snøtind, på 1027 moh, som ligg på grensa mot Eide. I kommunen ligg det to låge dalføre som strekkjer seg sørvestover til Fannefjorden; eitt frå Batnfjorden og eitt frå Tingvollfjorden. Busetnaden ligg for det meste langs Tingvoll- og Batnfjorden, med samlingar i Batnfjordsøra, Angvik, Flemma og Torvikbukt i tillegg til noko spreidd busetnad i dalføra i innlandet.
Næringsliv
endreJord- og skogbruk er viktigaste næringsvegen i Gjemnes og står for eit viktig grunnlag for sysselsetting og busetnad. Den dyrka jorda finn ein langs strendene og i dei låge eida, særleg kring og inn i frå Batnfjorden. Her vert det hovudsakleg dyrka fôr til mjølkeproduksjon. Kommunen har òg eit variert spekter av verksemder fordelt innanfor handverk, produksjon, handel- og finansnæring, fordelt på små og mellomstore føretak. Industrien utgjer me.a. ei møbelverksemd og ein måling- og lakkfabrikk. På Høgset attmed Gjemnessundet ligg meieri og betongproduksjon. Om lag 48 % av dei yrkesaktive har arbeid utanfor kommunegrensene, særleg i Molde.
Samferdsle
endreE 39 (Molde- Trondheim) går igjennom Gjemnes over Bergsøya med bruer over Gjemnessundet og Bergøysunddet. Desse bruene utgjer ein del av Krifast. Freifjordstunnelen frå Bergsøya fører til Frei og Kristiansund via riksveg 70. Fylkesveg 665 ligg mellom Angvika og Isadlia i Molde og fylkesveg 666 kring halvøya mellom Tingvollfjorden og Batnfjorden. På Reinsfjellet står TV- og FM-sendar.
Kommunevåpen
endreKommunevåpenet til Gjemnes vart godkjent 1983. Våpenet synar på grøn botn framsida av eit hjortehovud i gull og viser til hjortestammen som held til i kommunen.
Det første leddet i namnet Gjemnes kjem truleg frå eit elvenamn som har samanheng med det norrøne ordet gíma, som tyder 'gime', 'munning'.