Gjerdinga
Gjerdinga er ei øy i Nærøysund kommune i Trøndelag. Øya ligg plassert ved hovudskipsleia om lag 8,3 Nm nord for Rørvik. Namnet Gjerdinga tyder frå gammalt av gjerde mot storhavet.
Gjerdinga | |
---|---|
Lissklungvika på Gjerdinga | |
Geografi | |
Stad | Risværfjorden |
Koordinatar | 64°56′54″N 11°25′50″E / 64.94833°N 11.43056°E
|
Areal | 5,5 km²
|
Høgaste punkt | Øyrshatten (117 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Trøndelag
|
Demografi | |
Folketal | 18 (2010) |
Folketettleik | 5,5 /km² |
Gjerdinga har ferjesamband til Eidshaug på fastlandet med seks daglege avgangar. Øya har i 2010 om lag 20 innbyggjarar, i tillegg har mange fritidshus her. Hovudnæringa på øya er lokal småskalaproduksjon av mat. Dei fleste yrkesaktive fastbuande har arbeidsplassane sine på fastlandet. Øya har gjestehamn med vatn og straum, turstiar og gode høve for naturopplevingar.
Det høgaste punktet på øya er Øyrshatten på 117 moh. På toppen av Øyrshatten er det framleis krigsminner frå tyske luftskytsstillingar. På Gjerdinga kan ein sjå rådyr, ørn og mange fulgeartar.