Rådyr

art i hjortefamilien
Rådyr
Rådyrhann
Rådyrhann
Rådyrhoe
Rådyrhoe
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av rådyr
Utbreiinga av rådyr
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Klauvdyr Artiodactyla
Familie: Hjortedyr Cervidae
Slekt: Capreolus
Art: Rådyr C. capreolus
Vitskapleg namn
Capreolus capreolus

Rådyr (Capreolus capreolus) er eit lite hjortedyr. Eit rådyr veg gjerne ca. 18–30 kg, har spinkle bein og spisse klovar. Om sommaren er gjerne pelsen raudbrun, medan vinterpelsen er meir gråbrun. Råbukken har eit enkelt gevir med opptil tre taggar per horn.

Levesett endre

Rådyret trivst best i tett barskog og blandingsskog. Det et tradisjonelt gras, urter, lauv og bær, men seier ikkje nei takk til korn og hagevekstar heller. Om vinteren et det mest blåbærlyng, røsslyng og kvistar frå lauvtre. Lyngen kjem dei til gjennom å sparke vekk snøen med dei spisse klovane. Spesielt snørike vintrar kan vere eit problem for rådyra, fordi dei lett dett gjennom snødekket. Mange rådyr døyr også dersom kulda blir for hard og langvarig.

Rådyr i Noreg endre

Rådyret er det minste av hjortedyra som lever i Noreg, i tillegg til å vere det nyaste. Rådyret kom til Noreg først omkring år 1900, men har sidan blitt meir og meir vanleg over store delar av landet. Det er framleis mest talrikt på Austlandet.

Ein jaktar på rådyr i store delar av Noreg. Den tradisjonelle rådyrjakta foregår mellom 25. september og 23. desember. Bukkejakta startar allereie 10. august, men då er det ikkje tillate å bruke hund. Under den ordinære jakta sver likevel mange jegerar til bruk av hund. Dachs, drever og beagle er gjerne dei mest populære jakthundrasane, men det vert også brukt andre hundetypar.

Sjå og endre

Bakgrunnsstoff endre