Rørvik

by i Nærøysund kommune
(Omdirigert frå Rørvik i Vikna)

Rørvik er ein by og administrasjonssenter i Nærøysund kommune i Trøndelag. Byen ligg på øya Indre Vikna på vestsida av Nærøysundet.

Rørvik
stad
Frå Rørvik
Land  Noreg
Fylke Trøndelag
Kommune Nærøysund
Areal 1,79 km²
Folketal 3 651  (2020)
Folketettleik 2 040 / km²
Postnummer 7900 RØRVIK
Kart
Rørvik
64°51′43″ N 11°14′23″ E
Wikimedia Commons: Rørvik (Nærøysund)

Rørvik ligg i eit typisk kystlandskap og bygningane er for det meste gamle og nye trehus. Staden har eit typisk småbypreg. Rørvik er ei viktig fiskehamn, og Telenor Mobil har eit av kundeservice-sentra sine der. Ved Rørvik ligg Nærøysundbrua som bind Vikna saman med fastlandet (Nærøy). Rørvik er fast stoppestad for Hurtigruta, og kvar kveld møter nordgåande og sørgåande hurtigrute einannan i Rørvik. Dei viktigaste næringsvegane i Rørvik er fiskeri og telekommunikasjon. I Rørvik er det eit museum som viser kystkulturen og fiskerihistoria i Noreg gjennom tidene. Dette museumet heiter Norveg og er vorte ein viktig turistattraksjon på staden.

I Rørvik ligg den vidaregåande skulen i distriktet, Ytre Namdal vidaregåande skule (YNVS).

Kjelder endre

Denne artikkelen byggjer på «Rørvik» henta frå Wikipedia på bokmål 27. mai 2005.