Gjerpen kyrkje er ei krosskyrkje i Skien kommune i Telemark.

Gjerpen kyrkje
kyrkje
Foto: Hans A. Rosbach
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark
Prosti Skien
Sokn Gjerpen
Fellesråd Skien
Type krosskyrkje
Teknikk mur
Material stein
Innvigd 28. mai, ca. 1153
 - Endringar 1781, 1871–73, 1919–21, 2004
Tårn i vest
Kyrkjegard ved kyrkja og vest for Siljanvegen
Preikestol Relieff av Emanuel Vigeland
Døypefont Emanuel Vigeland
Altartavle Altar med bronserelieff og krusifiks av Emanuel Vigeland 1921
Orgel Grönlunds Orgelbyggeri, 2009
Sitjeplassar 485
Diverse Apsismosaikk i koret av Emanuel Vigeland 1921
Kart
Gjerpen kyrkje
59°13′27″N 9°36′28″E / 59.22408333°N 9.60775°E / 59.22408333; 9.60775
Wikimedia Commons: Gjerpen kirke

Dette var opphavleg ei einskipa romansk langkyrkje av stein. Ho vart innvigd den 28. mai, men årstalet er ikkje stadfesta. I 1781 vart kyrkja utvida mot vest og fekk ny inngang og tårn, I 1871–73 vart ho utvida til krosskyrkje etter planar av Christian Christie og i 1919–21 ombygd etter planar av Harald Bødtker. Kyrkja vart tent på og brann innvendig i 2003. Sidan er ho sett i stand att.

Inventaret er for ein stor del laga av Emanuel Vigeland på 1920-talet og har vorte restaurert etter brannen.

Det er kyrkjegard attmed kyrkja og på vestsida av Siljanvegen. Det finst òg eit gravkapell.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre