Gjert A. Hegrenæs

Gjert Andreasson Hegrenæs (6. juni 187430. desember 1952) var ein norsk bonde og politikar frå Vevring i Sunnfjord. Han representerte BondepartietStortinget frå 1928 til 1945.

Gjert A. Hegrenæs
Fødd6. juni 1874
Død30. desember 1952 (78 år)
Statsborgar avNoreg

Hegrenæs var kasserar i den lokale sparebanken og tok i si tid over farsgarden. Han var medlem av Vevring heradsstyre 1908-25, ordførar frå 1911 til -25. Etter å ha vore vararepresentant til Stortinget for partiet Venstre i tida 1919-24, gjekk han over til det relativt nydanna Bondepartiet. Han representerte partiet og Sogn og Fjordan fylke på Stortinget frå 1928 til -45. I alle år på Tinget var han medlem av landbrukskomiteen, formann i perioden 1931-33.

Hegrenæs var 1928-46 med i landsstyret i Norges Bondelag og 1938-47 administrator i Hypotekbanken si avdeling i Bergen, samt styremedlem i Bergens-avdelinga av Norges Kreditforening for Land- og Skogbruk.

KjelderEndra

  • Norsk Allkunnebok. V. bandet. 1954