Gjirokastër (gresk Αργυρόκαστρο, Arjyrókastro, arumensk Ljurocastru) er ein by og ein kommune i regionen Gjirokastër i Albania. Kommunen ligg sør i landet og grensar i vest til regionen Vlorë.

Gjirokastër
Gamlebyen i Gjirokastër
Gamlebyen i Gjirokastër
Gamlebyen i Gjirokastër
Byvåpenet til Gjirokastër
Byvåpenet til Gjirokastër
Styresmakter
Land
Region
Albania
Gjirokastër
Geografi
Flatevidd 59 km²
Flatevidd
 - By

470 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2011)

28 673
Koordinatar 40°42′0″N 19°30′0″E / 40.70000°N 19.50000°E / 40.70000; 19.50000
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Plassering
Gjirokastër kommune innafor regionen Gjirokastër
Gjirokastër kommune innafor regionen Gjirokastër
Gjirokastër kommune innafor regionen Gjirokastër

Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Gjirokastër vart slått saman med landkommunane Cepo, Lazarat, Picar, Lunxhëri, Odrie og Antigonë.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Gjirokastër.

Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande bykommunen 19 836 innbyggjarar, medan dei sju kommunane som i dag utgjer storkommunen Gjirokastër, til saman hadde 28 673 innbyggjarar.[1]

Tidlegare administrativ inndeling

endre

Fram til år 2000 var dei tidlegare by- og landkommunane ein del av distriktet Gjirokastër.[3] Den dåverande bykommunen omfatta berre sjølve byen Gjirokastër.[2]

Referansar

endre