Glade Bay er ei bukt i Amundsenhavet mellom nordenden av Wright Island, føre Getz isbrem, og nordvestsida av Murray Foreland, Martin Peninsula, på Bakutis Coast i Marie Byrd Land i Antarktis. Ho vart kartlagd av US Geological Survey frå landmålingar og flyfoto av U.S. Navy frå 1959-67, og vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names etter offisren Gerald L. Glade i US Navy, som var helikopterpilot på USNS «Atka» under U.S. Navy Operasjon Deep Freeze, 1956-57, og nestkommanderande for Naval Support Force i Antarktis, 1975-76.[1]

Glade Bay
bukt
Land  Antarktis
Koordinatar 73°56′S 115°20′W / 73.933°S 115.333°W / -73.933; -115.333
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Glade Bay
73°56′00″S 115°19′59″W / 73.9333°S 115.333°W / -73.9333; -115.333
Glade Bay is located in Antarktis
Glade Bay (Antarktis)

Kjelder

endre
  1. «Glade Bay». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 27. november 2012. 

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Glade Bay» (innhald frå Geographic Names Information System).