Martin Peninsula
Martin Peninsula er ei halvøy mellom Getz isbrem og Dotson isbrem på kysten av Marie Byrd Land. Ho er kring 96 km lang og 32 km brei og er isdekt utanom nokre få klipper langs kysten. Ytst på halvøya ligg Jacobsen Head.
Martin Peninsula | |||
halvøy | |||
Topografisk kart med skala 1:250.000 av Martin Peninsula.
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Marie Byrd Land | ||
- koordinatar | 74°20′S 114°30′W / 74.333°S 114.500°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Martin Peninsula 74°20′00″S 114°30′00″W / 74.3333°S 114.5°W | |||
Ho vart kartlagd frå flyfoto teken av USN Operasjon Highjump i januar 1947. Ho vart namngjeve av US-ACAN etter oberst Lawrence Martin, som var ein amerikansk geograf og ekspert på utforskinga av Antarktis. Han var medlem av US-SCAN, 1943-46.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Martin Peninsula» frå Wikipedia på engelsk, den 6. januar 2013.