Glaskutling

fiskeart

Glaskutling (Aphia minuta) er ein gjennomskinleg art i kutlingfamilien som vert 4 til 5 cm lang. Hannen har større finnar, hovud og tenner enn hoa. Arten er ein pelagisk stimfisk som lever på grunt vatn der han et dyreplankton. Han gyt i juni–august. Levetida er eitt år.

Glaskutling
Glaskutling
Glaskutling
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Orden: Gobiiformes
Familie: Kutlingfamilien Gobiidae
Slekt: Aphia
Art: Glaskutling A. minuta
Vitskapleg namn
Aphia minuta

Glaskutling finst langs kysten av Sør-Noreg, og elles i Svartehavet, Middelhavet og i Aust-Atlanterhavet frå Marokko til Noreg.

Kjelder

endre

«glasskutling» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 16. juni 2017.

  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.