Glen Johnson
Glen McLeod Cooper Johnson (fødd 23. august 1984 i London) er ein engelsk tidlegare fotballspelar. Han spelar i forsvar for Liverpool, og for det engelske landslaget. Han vart seriemeister i England med Chelsea i 2005 og cupmeister med Portsmouth i 2008. I 2008/09-sesongen vart han kåra til årets spelar i Portsmouth.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Glen McLeod Cooper Johnson | ||
Fødd | 23. august 1984 (40 år) | ||
Fødestad | London | ||
Høgd | 182 cm | ||
Posisjon | Høgreback | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Liverpool | ||
Nummer | 2 | ||
Ungdomsklubbar | |||
2000-01 | West Ham | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2001-03 2002 2003-07 2006-07 2007-09 2009- |
West Ham Millwall (lån) Chelsea Portsmouth (lån) Portsmouth Liverpool |
15 (0) 8 (0) 41 (3) 26 (0) 58 (4) 141 (7) | |
Landslag | |||
2003-06 2003-14 |
England U21 England |
14 (0) 54 (1) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 11. mai 2014 ‡ Landslagsmål oppdatert 8. juni 2024 |
Landslagsspel
endreJohnson representerte England i 54 landskampar frå november 2003 til VM i fotball 2014. Han fekk plass i troppane til verdsmeisterskapane 2010 og 2014, samt europameisterskapen 2012. Både unde VM 2010 og EM 2012 spelte han alle Englands fire kampar. I fotball-VM 2014 fekk han sine siste to kampar i engelsk drakt. Johnson skåra sitt einaste landslagsmål i ein vennskapskamp mot Mexico på Wembley stadion i mai 2010.
Bakgrunnsstoff
endre- Glen Johnson på FIFA sin offisielle nettstad
- (en) Glen Johnson på UEFA si offisielle heimeside
- eu-football