Glenamaddy Turlough

53°35′53″N 08°32′28″W / 53.59806°N 8.54111°W / 53.59806; -8.54111

Glenamaddy Turlough i august 2007. Sommaren 2007 var svært våt og innsjøen var på det høgaste nivået han normalt oppnår på vinteren. Normalt er han tørka ut i august.
Glenamaddy Turlough is located in
Plasseringa i Irland

Glenamaddy Turlough er ein liten innsjø (turlough) aust for byen Glenamaddy i County Galway i Republikken Irland. Ein turlough er ein innsjø på Irland med sterkt varierande vassnivå og i periodar med lite nedbør kan han verte heilt tørrlagt.

Byen Glenamaddy skal visstnok ha fått namnet sitt frå forma innsjøen har om vinteren då han liknar ein hund.

Natur

endre

Mange tusen vassfuglar overvintrar her. Den største flokken består av heilo. Tundragås kjem òg til innsjøen om vinteren. Dei hekkar på Grønland og over halv bestanden i heile verda overvintrar på Irland. Meir enn 200 songsvaner overvintrar òg i Glenamaddy. Om vinteren finn ein i tillegg brunnakke, spovar og vipe.

Sjå òg

endre

Kjelde

endre