Vipe
Foto: Andreas Trepte
Foto: Andreas Trepte

Læte
Utbreiing og status
Status i verda: NT Nær truga
Status i Noreg: CR Kritisk truga[1]Utbreiinga av vipe
Utbreiinga av vipe
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Lofamilien Charadriidae
Underfamilie: Vanellinae
Slekt: Viper Vanellus
Art: Vipe V. vanellus
Vitskapleg namn
Vanellus vanellus

Vipe (Vanellus vanellus) er medlem av underfamilien Vanellinae i lofamilien, og er ein vanleg hekkefugl gjennom den tempererte palearktiske regionen frå Storbritannia og Irland i vest og austover mot stillehavskysten i aust.

Hannen har ein lang fjørtopp på hovudet, hoa ein litt kortare fjørtopp. Oversida på fuglen er grønsvart med metallglans, medan undersida er kvit med ein rustbrun undergump. Andletet er kvitt med svarte striper. Kroppslengda er ca. 30 cm, som gjer vipa til ein mellomstor vadefugl. Ho er lett å kjenne igjen medan ho flyg med dei breie, butte vengene sine.

Vipa er ein sterkt trekkande fugl over det meste av det omfattande utbreiingsområdet sitt, og overvintrar lenger sør så langt som til Nord-Afrika, Nord-India og delar av Kina og sørlegaste Japan. Ho trekker hovudsakleg om dagen, ofte i store flokkar. Hekkefuglar i låglandet i dei vestlegaste områda av Europa er standfuglar. Arten er klassifisert som globalt nær truga, frå 2021 er vipa ført opp i kategorien kritisk truganorsk nasjonal raudliste for artar.[1]

Dette er ein vadefugl som hekkar på dyrka mark og andre habitat med lågtveksande vegetasjon. Dei legg typisk 4 egg i eit reir, som kan vere berre ei senking i bakken, og forsvarer reirplassen mot alle inntrengarar med støyande og aggressiv åtferd, til og med mot hestar og storfe. Om vinteren dannar dei enorme flokkar på ope land, spesielt på dyrkbar mark og i mudderområde.

Taksonomi endre

Vipa vart formelt skildra av Carl von Linné i 1758 i den tiande utgåva av hans Systema Naturae under binomialnamnet Tringa vanellus.[2] Arten er no plassert saman med dei andre vipene i slekta Vanellus som vart introdusert av den franske zoologen Mathurin Jacques Brisson i 1760.[3][4] Det vitskaplege namnet Vanellus er mellomalderlatin for vipe og stammar frå vannus, ei vifte.[5][3] Arten er monotypisk, ingen underartar er kjente.[3]

Skildring endre

Vipa er ein 28–31 cm lang fugl med 82–87 cm vengespenn og ein kroppsmasse på 128–330 gram.[3] Ho har avrunda og uvanleg breie venger og ein karakteristisk fjørtopp. Vipa har relativt korte bein i høve til andre artar i slekta si. Fjørdrakta gjev i hovudsak svart og kvitt inntrykk, men oversida har grønskjær. Hannen har ein lang fjørtopp og ei svart krone, strupe og bryst i kontrast til eit elles kvitt ansikt. Hoa har kortare fjørtopp og er ljosare ved nebbrota og på strupen, og har altso ein mindre kontrastrikt utsjånad. Nærast kroppen har vengen eit tydeleg, breitt, kvitt band, som er lett synleg i flukta. Undergumpen er rustraud. Båe kjønna får i vinterdrakta i juli-februar ljos strupe og ein gulbrun andletsfarge.[6]

Dette er ein mykje vokal fugl i hekkesesongen, med konstant rop medan den vanvitige akrobatiske spelflukta blir utført av hannar. Det typiske varsellætet er eit klagande «kvæ-i», «tjææ-ech» eller «veeh-ah».[7][6]

Vipa et i stor grad meitemakk, men ho tek også ein god del insekt og andre små virvellause dyr som sniglar.[3] I vinterkvarter i Afrika kan dei ete froskar, småfisk og plantematerialar.[8] Denne arten lever ofte i blanda flokkar med heilo og hettemåsar, sistnemnde ranar ofte dei to i lofamilien.[3]

Til liks med heilo kan denne arten òg være nattaktiv og beite om natta, i størst grad om det er månelyst og ikkje for låg bakketemperatur.[9]

Global utbreiing endre

Vipa hekkar over store delar av Europa. Vidare i eit breitt belte over sørlege Russland, Kasakhstan, Mongolia, gjennom nordaustre Kina mot Peter den store-bukta på stillehavskysten og litt nordover frå Vladivostok. Ho er ein sjeldan hekkefugl på Island. Overvintringsområda inkluderer Vest-Europa, Kanariøyane, Nord-Afrika frå Marokko og austover langs Middelhavskysten, Anatolia, frå Midt-Austen fragmentert gjennom Iran, nordlege India, Nepal, Bhutan, søraustre Kina, Sør-Korea og Sør-Japan.

Vipa kan streife langt utanfor normalområdet sitt og er til dømes observert på Jan Mayen og Svalbard, og i Amerika nord til Alaska og sør til Karibia.[3]

Forplanting endre

Reiret er lagt i ei grop i bakken, fora med tørt gras, om underlaget er fuktig kan reiret vere bygd meir solid av tørre strå.[7] Hoa rugar på egga medan hannen jagar vekk inntrengjarar, hannen er aggressiv i hekketida. Egga blir lagde i april – mai og dei blir ruga på opp mot ein månad. Mest vanleg er kullet på 4 egg, men det førekjem òg 2-3 eller 5 egg. Ungane forlet reiret ganske fort. Dei blir passa nøye på til dei er 33–40 dagar gamle og flygedyktige.[3]

Vipa i Noreg endre

Vipa kan ein sjå i store delar av Sør-Noreg, ho hekkar sjeldan over 1000 moh. Frå Nordland og lenger nord, ser ein ho mest med kysten, men ho hekkar òg sørover Pasvikdalen.[10] Av alle norske vadefuglar er vipa den som ein finn mest nær jordbruk og i landskap med kort gras og myrar. Dette er område som vipa blir knytt til.

I mars kan ein sjå hannen med eit akrobatiske spel, som er eit teikn på at våren har kome. Saman med tjeld og stare er vipa ein av dei fyrste som kjem tilbake til Noreg etter at alle trekkfuglane reiste til varmare strøk. Bestanden i Noreg er i all hovudsak trekkfuglar, og trekkjer til atlanterhavskysten frå Dei britiske øyane i nord til Marokko i sør. Hausttrekket frå Noreg føregår frå august til slutten av oktober, dei returnerer i mars og april. Fåtalige individ har overvintra i landet, så langt nord som til Nordland fylke.[7]

Eit estimat på populasjonen av hekkande viper i Noreg frå 2015 er på 15 000-20 000 individ og minkande.[1]

Vipa er fylkesfugl i Rogaland fylke.[11]

Status og trugsmål endre

 
Lapwing Incubating Its Eggs — For dette biletet mottok R. B. Lodge i 1895 den første medaljen som nokon gong vart utdelt for naturfotografering frå Royal Photographic Society. Eric Hosking og Harold Lowes stadfesta trua si på at dette var det første fotografiet av ein vill fugl.[12]

Vipa er raudlista som sårbar på den europeiske raudlista, oppdatert i 2022.[13] Ho er kategorisert som nær truga globalt.[8] I Sverige er statusen sårbar,[14] men i Noreg kritisk truga.[10]

Storleiken på verdspopulasjonen er mellom 5,5 og 10,5 millionar individ (2012), av dette ca. 3,2-5,2 millionar (2015) i Europa der ein reduksjon av bestanden tok til etter år 1980. Her trur ein reduksjonen ligg på mellom 30 og 50 % over 27 år i Europa. Det meste av europeisk bestand finst i Russland, men Nederland og Latvia har òg store bestandar.[8]

I tillegg til intensivering av landbruket og endring av arealbruk, bidrar eggsanking og predasjon av reir og ungar til nedgang. Det er kommersiell jakt på vipe i Iran og per 2003 var det jakt i europeiske land som Hellas, Italia, Frankrike og Spania.[8]

Hausting av egg endre

«Plover's eggs» var ein kostbar delikatesse i det viktorianske Europa, nemnd i Evelyn Waugh sin roman Brideshead Revisited, om det aristokratiske britiske samfunnet i perioden 1920–40.

I Nederland er det ein kulturhistorisk konkurranse om å finne årets første vipeegg. Frå og med 2006 er det tillate å leite etter vipeegg mellom 1. mars og 9. april, sjølv om hausting av egga no er forboden. I løpet av det siste hundreåret har det første vipeegget blitt funne tidlegare og tidlegare på året. Etter at egghausting først blei forbode i Friesland, blei påvising av egg vidare avgrensa i 2017 for å unngå uro. Reir kan no berre søkast opp i samband med vern av reirplassar og av godkjent, registrert personell.[15]

Kjelder endre

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 Stokke BG, Dale S, Lislevand T, Jacobsen K-O, Strøm H og Solvang R (2021, 24. november). Fugler: Vurdering av vipe Vanellus vanellus for Norge. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. Henta 25. november 2021
  2. Linnaeus, Carl (1758). Systema Naturae per regna tria naturae, secundum classes, ordines, genera, species, cum characteribus, differentiis, synonymis, locis (på latin) 1 (10th utg.). Holmiae (Stockholm): Laurentii Salvii. s. 148. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 3,7 Wiersma, P., G. M. Kirwan, og C. J. Sharpe (2020). Northern Lapwing (Vanellus vanellus), version 1.0. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.norlap.01
  4. Gill F, D Donsker & P Rasmussen(red). 2022. IOC World Bird List (v12.1). doi : 10.14344/IOC.ML.12.1 Henta 19. juli 2022
  5. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 145, 195. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  6. 6,0 6,1 Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. Side 146–147, ISBN 9788205418820}}
  7. 7,0 7,1 7,2 Haftorn, Svein (1971). Norges fuglar. Universitetsforlaget. s. 230. 
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 BirdLife International (2017). «Vanellus vanellus». IUCN Red List of Threatened Species 2017: e.T22693949A111044786. doi:10.2305/IUCN.UK.2017-1.RLTS.T22693949A111044786.en. Henta 15 January 2018. 
  9. Gillings, Simon; Robert J. Fuller, William J. Sutherland (2005). «Diurnal Studies do not Predict Nocturnal Habitat Choice and Site Selection of European Golden-Plovers (Pluvialis Apricaria and Northern Lapwings (Vanellus Vanellus)». The Auk (Oxford University Press) 122 (4): 1249–1260. Henta 19. juli 2022. 
  10. 10,0 10,1 «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 12. mars 2022. Henta 12. mars 2022. 
  11. Sveen, Geir (15. desember 2021). «Nå går alarmen for vår egen fugl». Henta 19. juli 2022. 
  12. Eric Hosking; Harold Lowes (1947), Masterpieces of Bird Photography, William Collins, Sons, s. 9, ASIN B000O8CPQK, Wikidata Q108533626
  13. BirdLife International (2022). European Red List of Birds. Office for Official Publications of the European Communities, Luxembourg
  14. Artdatabanken, Sveriges lantbruksuniversitet, SLU Artfakta Tofsvipa Vanellus vanellus Rödlistning 2020, henta 19. juli 2022
  15. «Vinddatum eerste kievitsei in Friesland» [Dates of Discovery of the First Plover's Eggs in Friesland] (på nederlandsk). Compendium voor de Leefomgeving. 11 March 2021. Henta 19. juli 2022. 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Vipe