Acetylsalisylsyre
kjemisk sambinding, brukt som legemiddel mot smerte, feber og betennelse
(Omdirigert frå Globoid)
CAS-nummer 50-78-2 |
ATC-nummer N02B A01, B01A C06 |
Metabolisme | Vert omdanna til salisylsyre under og etter absorpsjonen |
Halveringstid | Ca. 12 timar |
Utskiljing | Renal (gjennom nyrene) |
Administrasjonsform | Per oral (via munnen) |
Acetylsalisylsyre er eit smertestillande, febernedsetjande og betennelsesdempande ikkjesteroid antiinflammatorisk middel som blir brukt som lækjemiddel under namn som Aspirin, Dispril og Globoid. Stoffet er ei fargelaus, luktfri krystallisk sambinding med sur smak. Han er lett løyseleg i alkohol, tungt løyseleg i vatn og smeltar ved rask oppvarming mellom 135 °C og 141 °C.
Stoffet hemmar prostaglandinsyntesen, og vert brukt for å lindra smerter, motverka trombosar og i revmatiske sjukdommar. Stoffet reduserer også blodplatenes si evne til å klumpa seg saman.
Handelsnamn i Noreg
endre- Albyl-E 75 mg og 160 mg, produsert og marknadsført av Nycomed Pharma AS.
- Acetyratio 75 mg, produsert og markedsført av Ratiopharm AS.
- Aspirin, produsert og marknadsført av Bayer Health Care AG
- Dispril, produsert og marknadsført av Reckitt Benckiser Healthcare (UK) Ltd.
- Globoid, produsert og marknadsført av Nycomed Pharma AS