Eit gneistekammer er ein partikkeldetektor, eit apparat nytta innan partikkelfysikk for å finne elektrisk ladde partiklar. Det vart mykje nytta innan forsking frå 1930- til 1960-åra og har sidan vorte erstatta av andre teknologiar.

Eit gneistekammer på fysisk musem ved Sapienza universitet i Roma.

Gneistekammer består av ein stabel metallplater i ein lufttett boks fylt med ein gass som helium, neon eller ei blanding av dei to. Når ladde partiklar frå kosmisk stråling går gjennom kammeret vert gassen mellom platene ionisert. Vanlegvis er ikkje denne ioniseringa synleg. Men om ein nyttar høg nok spenning mellom platene før ioniseringa forsvinn, så kan ein få gneistar langs banen strålinga tar, og den kosmiske strålinga vert i røynda synleg som gneistelinjer.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre