Neon

grunnstoff med kjemisk symbol Ne og atomnummer 10
10 FluorNeonNatrium
He

Ne

Ar
Generelle eigenskapar
Namn, kjemisk symbol,
atomnummer
Neon, Ne, 10
Kjemisk serie Edelgass
Gruppe, periode, blokk 18, 2, p
Tettleik, hardleik 0,8999 kg/m3, n.a. (ikkje SI)
Utsjånad Fargelaus
Neon
Atomeigenskapar
Atommasse 20,1797 u (ikkje SI)
Atomradius (berekna) 57 (38) pm
Kovalent radius 71 pm
Ioneradius (?) pm (ladning: n.a.)
van der Waals radius 154 pm
Elektronkonfigurasjon [He]2s2p6
Elektron per energinivå 2, 8
Oksidasjonstrinn (oksid) 0 (n.a.)
Krystallstruktur Kubisk flatesentrert
Fysiske eigenskapar
Tilstandsform Gass
Smeltepunkt 24,56 K (−248,59°C)
Kokepunkt 27,07 K (−246,08°C)
Molart volum 22 400 cm3/mol
Fordampingsvarme 1,77 kJ/mol
Smeltevarme 0,34 kJ/mol
Damptrykk 10 000 Pa ved 21 K
Ljodfart 435 m/s ved 0 °C
Diverse eigenskapar
Elektronegativitet (?) (Paulings skala)
Spesifikk varmekapasitet 1030 J/(kg·K)
Elektrisk konduktivitet (?) MS/m
Termisk konduktivitet 0,0493 W/(m·K)
Ioniseringspotensial 2080,7 kJ/mol
3952,3 kJ/mol
6122 kJ/mol
9371 kJ/mol
12177 kJ/mol
15238 kJ/mol
19999 kJ/mol
23070 kJ/mol
Mest stabile isotopar
Iso-
top
Naturleg
førekomst
Halverings-
tid
 (ikkje SI)
NM NE MeV
(ikkje SI)
NP
20Ne 90,48% (stabilt)
21Ne 0,27% (stabilt)
22Ne 9,25% (stabilt)
SI-einingar og STP er brukt unntatt der det er avmerkt

Neon er eit grunnstoff med kjemisk symbol Ne og atomnummer 10. Neon er ein edelgass, og er relativt vanleg i universet, men ikkje på jorda, og finst i små mengder i atmosfæren. Neon gir ein klar raud farge når det skjer ein elektrisk utlading gjennom gassen, og blir derfor brukt ein del i lysrøyr.

Særlege kjenneteikn

endre

Neon er ein fargelaus, luktlaus og ureaktiv edelgass.

Neon er mest kjent for bruk i farga lysrøyr(neonlys), og ofte brukt i reklameskilt og fasadar som skal vekke oppsikt, slik som teater, kinobygg, kasino og liknande. Når det skjer ein elektrisk utlading gjennom neongass, sender gassen ut ein klar raud farge, og det er denne fargen som er kjenneteiknet på neonlys.

Neon vert og brukt i gasslaser.

Historie

endre

Sir William Ramsay og Morris W. Travers oppdaga neon i 1898.

Kjemi

endre

Neon dannar ikkje sambindingar.

Førekomst

endre

Neon er sjeldan i på jorda, men finst som eit sporstoff i luft, der ein finn ein del neon i 65000 delar luft. Neon blir framstilt ved destillasjon frå luft.

Isotopar

endre

Sjå også

endre

Bakgrunnsstoff

endre