Goblin ein type vesen som opptrer i europeisk folketru og i fantasy-sjangeren. Dei kan samanliknast med nissar og vetter.

Illustrasjon av ein goblin frå 1800-talet

Goblinar blir ofte skildra som menneskeaktige vesen, ofte på storleik med barn. Dei opptrer ofte i flokkar.

Ofte opptrer dei som vondskapsfulle og mindre smarte, men kan likevel opptre på listig vis.

Ein møter goblinar i mange ulike fantasy-univers, som Dungeons & Dragons-rollespel, Warhammer-universet, Warcraft-universet og i seriar som Harry Potter og Artemis Fowl. I J.R.R. Tolkien si bok Hobbiten opptrer det vonde skapningar som blir kalla goblinar. I Ringdrotten blir dei same vesena hovudsakleg kalla orkar.

Kjelder endre