Warhammer er fleire rollespel som går føre seg i eit fantasi-univers laga av Games Workshop. Ein kan spela Warhammer-spel som penn-og-papir-rollespel, men betre kjend er brettspela, der ein bruker ulike småfigurar til å utkjempa slag. Spelet blei oppfunne i Storbritannia1980-talet, og har sidan spreidd seg til heile verda.

Interesserte samla rundt eit Warhammer-spel.
Foto: Arnaud Ligny

Brettspel endre

Warhammer Fantasy Battles er krigsspelet som dei fleste kjenner som Warhammer. I tillegg finst det ulike andre brettspel — det brutale idrettsbrettspelet Blood Bowl, krigsspelet i større skala Warmaster, og Mordheim, eit krigsspel i mindre skala, og Warhammer Fantasy Roleplay, eit papir og penn-rollespel med utgangspunkt i Warhammer Fantasy Battles.

Warhammer 40,000 er eit skyldt spel som skjer i verdsrommet i Warhammer-verda.

Spelet endre

Warhammer Fantasy Battles blir utspelt på eit miniatyrlandskap med to hærar. Motstandarar lagar hærar som er likeverdige ved at kvar figur har ein poengverdi og at kvar hær skal ha same poengsum. Ein vanleg mann kostar til dømes 12 poeng mens ein drake kostar 350 poeng. Det finst mange typar soldatar, og ein kan variera hæren slik ein ønskjer. Hæren kan vera alt frå 100 til 50 000 poeng ettersom kor lenge kampen skal vara.

Spelet har omgangar der ein spelar utfører alle handlingane sine før motstandaren svarer. Kvart spel varer vanlegvis i 6 omgangar som kan variera i lengd ut frå kor store slag ein utkjempar. Ein omgang består av ein forflyttingsfase der ein flytter einingane sine på speleområdet, ein magifase der ein kan prøva å bruka magi som motstandaren kan avverja, fjernkamp der bogeskytarar og liknande fyrer av våpen, og til slutt nærkamp. Korleis ein kan flytta og kven som vinn blir bestemt av reglar knytte til kvar enkelt krigartype, og til terningkast.

Reglar endre

Warhammer bygger på innvikla reglar som ein finn i ei regelbok for heile spelet, og i hærbøker (army books) for kvar hærtype. Ein bestemt troppetype kan til dømes lida av dumskap (stupidity), mens ein annan ikkje gjer det. Ein spelar må passa på kva reglar som gjeld for kven og samstundes spela.

Taktikk endre

Som med andre krigsspel vil ein erfaren spelar læra seg ulike taktikkar, som at om ein kombinerer hestar med raske fotsoldatar, vil fotsoldatane ta av for pileskot.

Turnering endre

Det finst turneringar i Warhammer overalt i verda, og verdsmeisterskapen går føre seg kvart år forskjellige stader i Europa.

Figurar endre

 
To gutar ved arbeidsbenken der dei målar Warhammer-figurar.
Foto: Thomas Sly

Figurane til spela er rundt 28 mm høge, av tinn eller plastikk, og må kjøpast i sett som ein set saman og måler sjølv, på same måten som til dømes modellfly. For mange entusiastar er målinga den viktigaste delen av spelet, og det blir halde tevlingar også i dette, med sine eigne reglar for å vinna. Golden Demon Award er ein prestisjefylt konkurranse for Warhammer-målarar som blir arrangert nesten samtidig som verdsturneringa.

Warhammer-verda endre

Warhammerverda tek utgangspunkt i verda vår, med kontinent som minner om dei på jorda og kulturar med trekk frå ulike folk og mytologiar. Historiske inspirasjonskjelder er Det gamle Egypt, Aztekarriket, Det tysk-romerske riket og Storbritannia frå Kong Arthur-sogetida. I tillegg til mytologiar er universet òg inspirert av Tolkien si verd med alvar, orkar, trollmenn og liknande.

Vesen endre

I Warhammer kan ein spelar velja mellom 16 ulike hærtypar som kvar har mange ulike medlemmer.

Beasts of Chaos ('Kaosvesen') Menneske som er blitt muterte av kaoskreftene, ofte satyr- eller kentaurliknande.
Bretonnians ('«Britonarar»') Eit føydalt riddarsamfunn med eit godt kavaleri følgd opp av utskrivne bønder.
Dogs of War ('Krigshundar') Leiesoldatar, hovudsakleg frå det sørlege riket Tilea. Kan leigast av andre hærar eller spela som ein eigen hær.
Dwarfs ('Dvergar') Dvergane er kortvaksne og sta, men har den mest avanserte teknologien.
Chaos Dwarfs ('Kaosdvergar') Dei vonde slektningane til dvergane som held orkar og troll som slavar.
High Elves ('Høgalvar') Dei opphavlege, vakre alvane held til på sitt eige kontinent, Ulthuan, som dei strever med å forsvar mot mørkalvar, og prøver å hindra kaoskreftene i å spreia seg.
Dark Elves ('Mørkalvar') Ei gruppe tidlegare høgalvar som no opptrer som fordervede alvar og kjemper mot høgalvane. Dei tilber gudane Khaine og Slaanesh.
Hordes of Chaos ('Kaoshordar') Menneske, ofte mutantar, og andre vesen som tilber dei fire kaosgudane Khorne, Nurgle, Slaanesh og Tzeentch.
Lizardmen ('Firfislefolk') Inka-inspirerte reptilfolk leia av Slann, utanomjordiske magimeistrar som arbeider for å verna verda mot kaos.
Ogre Kingdoms ('Kjemperike') Store brutale kjempemenneske som held gnoblarar som slavar. Dei trur på magen der magien deira, Gut Magic, kjem frå.
Orcs & Goblins ('Orkar og gnomar') Grønhuda skapningar som lever overalt. Dei elskar å slåst og trugar alltid dei som trur dei er siviliserte folka som tilber gork og mork.
Skaven (truleg spel på scavengers, 'åtseletarar' eller 'søppelplukkarar') Muterte rotter som planlegg å ta makta over verda frå bustadane sine under jorda.
The Empire ('Keisarriket') Keisarriket, inspirert av det tysk-romerske riket, er det mektigaste av dei menneskestyrte rika. I ein allianse med dei nordlege naboane frå Russland-inspirerte Kislev og dvergar står dei imot kaoshordane frå nord. Styrkane deira er hovudsakleg fotfolk, med støtte frå riddarar og kanonar.
Tomb Kings ('Gravkongar') Dei gjenoppvekte restane av eit Egypt-inspirert folk som, leia av sine mumifiserte kongar og prestar forsvarer gravene sine og slost innbyrdes.
Vampire Counts ('Vampyrgrevar') Udøde skapningar leia av vampyrar og trollmenn som kan vekka daude som prøver å utrydda eller ta makta over dei levande.
Wood Elves ('Skogalvar') Meisterlege bogeskyttarar som får hjelp frå skogsåndene. Forsvarar skogane og legg seg sjeldan opp i andre konfliktar.

Historie endre

Warhammer Fantasy Battles blei først seld i 1983, hovudsakleg som eit regelsett for eit fantasy-basert krigsspel. Først i den tredje versjonen var det utvikla ei eiga verd til spelet, og samstundes blei Warhammer Fantasy Roleplay introdusert. Den fjerde versjonen som kom i 1992 hadde eit magisystem basert på kort og hærbøker, og var den som gjorde spelet populært. Den sjuande versjonen av spelet kom ut i september 2006.