God Bless America
God Bless America Song | ||
Utgjeve | 1918, 1938 (ny utgåve) | |
Sjanger | Patriotisk song | |
Komponist | Irving Berlin | |
Tekstforfattar | Irving Berlin | |
Låtskrivar(ar) | Irving Berlin |
---|
«God Bless America» er ein amerikansk patriotisk song skriven av Irving Berlin i 1918 og endra av han sjølv i 1938. Den seinare versjonen har blitt spelt inn av mellom andre Kate Smith, og vorte signatursongen hennar.[1][2]
«God Bless America» har form som ei bøn (introteksten «as we raise our voices, in a solemn prayer») for Guds velsigning og fred for nasjonen («...stand beside her and guide her through the night...»).
Historie
endreIrving Berlin skreiv songen i 1918 medan han tente i den amerikanske hæren ved Camp Upton i Yaphank i New York, men meinte at han ikkje passa inn i revyen kalla Yip Yip Yaphank, og la han til side. Teksten på den tida inneheldt linja «Make her victorious on land and foam, God bless America..».[3] og «Stand beside her and guide her to the right with the light from above".[4]
Musikkritkaren Jody Rosen seier at ein jødisk humorsong, «When Mose with His Nose Leads the Band», inneheld seks tonar som er «lett gjenkjenneleg som opninga av «God Bless America». Han tolka dette som eit døme på at Berlin pleidde å bruke ting frå songar han halvvegs hugsa i sine eigne songar.[5] Berlin, som var fødd Israel Baline, hadde sjølv skrive fleire jødiske humorsongar.[6]
I 1938, då Adolf Hitler hadde makta, følte Berlin, som var jøde og førstegenerasjons europeisk innvandrar, at det var på tide å endre songen til ein «fredssong», og han vart sungen av Kate Smith på radioshowet hennar.[7] Berlin hadde gjort nokre små endringar og sidan «to the right» kunne tolkast som eit kall for den politiske høgresida, endra han dette til «through the night». Han innførte òg ein introduksjon som i dag er sjeldan å høyre, men som Smith alltid brukte: «While the storm clouds gather far across the sea / Let us swear allegiance to a land that's free / Let us all be grateful for a land so fair, / As we raise our stemmer in a solemn prayer.»[4]
Woody Guthrie kritiserte songen, som han rekna for å vere urealistisk og sjølvtilfreds, og i 1940 skreiv han «This Land Is Your Land», som opphavleg hadde tittelen «God Blessed America For Me», som eit svar.[8] Antisemittiske grupper, som Ku Klux Klan, protesterte òg mot songen, fordi han var skriven av ein jøde.[4]
I 1943 vart Smith-utgåva nytta i den patriotiske musikalen This is the Army i lag med andre av Berlin sine songar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «God Bless America» frå Wikipedia på engelsk, den 31. mai 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Kashkowitz, Sheryl. God Bless Ameria: The Surprising History of an Iconic Song. Oxford Univ. Press, 2013, ISBN 978-0-19-991977-2
- ↑ http://katesmith.org/gba.html
- ↑ http://www.loc.gov/exhibits/treasures/trm019.html
- ↑ LOC.gov
- ↑ 4,0 4,1 4,2 «From Peace To Patriotism: The Shifting Identity Of 'God Bless America'". Interview of Sheryl Kaskowitz by Robert Siegel. NPR.org. 2 september 2013. Henta 31. mai 2014.
- ↑ http://www.rebootstereophonic.com/index.php?site=rebootst&page=st_jewface&id=117
- ↑ Michael Alexander (2003). Jazz Age Jews. Princeton University Press. s. 161. ISBN 978-0-691-11653-2.
- ↑ «Flyers History - Kate Smith" Arkivert 2019-04-20 ved Wayback Machine. on FlyersHistory.com website. Henta 31. mai 2014.
- ↑ http://www.docstoc.com/docs/6303117/God_Bless_America
Bakgrunnsstoff
endre- Project:GBA Arkivert 2012-09-01 ved Wayback Machine. - samlign av innspelingar av “God Bless America”
- Library of Congress med meir informasjon og bilete av manuskript
- Kate Smith syng God Bless America på YouTube