Godtfred Holmvang

Godtfred Holmvang (7. oktober 191719. februar 2006) var ein norsk idrettsutøvar og forsikringsmann, fødd i Bærum. Han vart europameister i tikamp under EM i friidrett 1946 i Oslo. Mellom 1939 og 1948 vann han fem NM-titlar i friidrett; tre i tikamp og ein kvar på 110 m hekk og 400 m hekk. Holmvang, som utvandra til British Columbia i Canada og døydde der, var medlem av Tyrving IL.

Godtfred Holmvang


Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. oktober 1917
Stabekk
Død

19. februar 2006 (88 år)
Vancouver

Idrett friidrett, alpint
Tok del i

Sommar-OL 1948

Utmerkingar

Aftenpostens Gullmedalje, Egebergs Ærespris

Karriere endre

Holmvang var aktiv i fleire idrettsgreiner. Allereie før andre verdskrigen viste han seg som eit stort friidrettstalent og tok sitt fyrste NM-gull i tikamp i 1939. Han dreiv elles med seglsport og etterkvart også med den ferske idretten ski i alpine greiner.

I 1946 vann han tre gullmedaljar i norske friidrettsmeisterskap. Han sigra i begge hekkeløpa på Bislett stadion og han vann tikampen. Under EM i friidrett 1946, som vart avvikla på nettopp på Bislett stadion i slutten av august månad, stod han for ei stor bragd. Før den avsluttande øvinga i tikampen, 1500-meteren, hadde han minst 14 sekundar å ta inn på leiaren, sovjet-russaren Sergej Kuznetsov. Særleg på den siste runda auka Holmvang forspranget og under stor jubel slo han Kuznetsov med 18 sekundar. «Norge hadde fått sin første europamester i friidrett – og sin første store internasjonale triumf etter krigen.»[1] For dette tikamp-gullet vart han tildelt Morgenbladets Gullmedalje.

Medaljar i norske friidrettsmeisterskap endre

  • 1939: Gull i tikamp, sølv på 110 m hekk
  • 1946: Gull på 110 m hekk – 16,0, framom Ole Ofstad (16,0)
    • Gull på 400 m hekk – 57,3, framom Einar Saxhaug (57,3)
    • Gull i tikamp
  • 1947: Sølv på 400 m hekk – 55,7, bakom Ole B. Opsahl (55,6)
  • 1948: Gull i tikamp
    • Sølv på 400 m hekk – 57,0, bakom Ole B. Opsahl (56,4),
    • bronsemedaljar på 110 m hekk (16,0) og lengde (6,65 m)

Holmvang vart tildelt Egebergs ærespris i 1946 for sine prestasjonar i friidrett og på ski. Han gjorde sitt beste NM-renn på Voss i 1947, då han i utfor enda på fjerdeplassen.

Kjelder endre

  1. Magnus Breili:Sport i navn & tall, s.276