Goldberg-massivet

Goldberg-massivet er eit område i den austre delen av fjellkjeda Hohe Tauern i Alpane i Austerrike. Massivet ligg i forbundslanda Salzburg og Kärnten. Hocharn, den høgste fjelltoppen, når 3 254 meter over havet. Andre kjende fjelltoppar i Goldberg-massivet er Schareck (3 123 moh.) og Hoher Sonnblick (3 106 moh.).

Frå passvegen Großglockner-Hochalpenstraße
Goldberg-massivet sett frå Wangenitzsee

Vest i fjellområdet går den alpine passvegen Großglockner-Hochalpenstraße, medan den austerrikske hovudjarnbanestrekninga Tauernbahn ligg aust i Goldbger-massivet. Fjellområdet har fått namn etter dei gullfunna som i historisk tid vart gjort her, og i Raurisdalen kan ein enno vaske gull. Fjelltoppane Goldbergspitze og Goldzechkopf minner om dei gullgruvene som fanst i Hohe Tauern i seinmellomalderen og opp mot 1800.

Kjelder endre