Golv er ei grunnflate i ein bygning, eit rom eller på ei plattform utandørs.[1] Golv blir brukt til å gå på og plassera møbel på. Ein kan laga golv rett på bakken eller byggja dei opp. Golvet skal kunne tåle den nyttelasta som golvet er venta å bli utsett for.

Golv i kapellet ved Slottet i Versailles.

Golvbelegg endre

Oppå golvet kan ein leggja golvbelegg, som er ulike former for slitelag på golv av tre, betong eller lettbetong. Dei kan delast inn i seks hovudgrupper.[2]

  • Fugelause golvbelegg som blir støypte eller jamna ut i plastisk form, til dømes sementpuss, terrasso, asfaltmasar og støypeplaster.
  • Mjuke og halvharde belegg som blir lagde ut som baner eller fliser og blir limt til underlaget, til dømes linoleum, vinylbelegg, gummi og kork.
  • Stive fliser og heller, til dømes av naturstein, betong og keramiske materiale, som blir festa til underlaget med lim eller mørtel.
  • Tregolv i form av golvbord eller parkett, som kan festast til underlaget eller leggjast flytande.
  • Tekstile golvbelegg som blir lagt laust eller limt til underlaget, til dømes heildekkjande teppe eller fliser av tekstilfibrar.
  • Andre materiale, som plastlaminar og måling.

Golvvarme endre

Ved å byggja inn rør for varmt vatn eller elektriske varmeelement i golvkonstruksjonane, kan golvflata få ein temperatur som varmar opp rommet. Normalt bør overflatetemperaturen i golvet i opphaldsrom ikkje gå over 25 °C. I andre rom bør golvtemperaturen vera maksimalt 29 °C. I rom med store vindaugeflater vil golvvarme åleine normalt ikkje vera nok.

I baderom og andre rom med støypt golv blir varmerøra eller dei elektriske varmekablane støypte inn i betongen i slangar med 10–30 cm mellomrom. Ved golvkonstruksjonar av tre blir det ofte brukt elektriske folie-element av plast med innsveiste metallstrimlar som leier straumen. Desse elementa er isolerte for full nettspenning og blir rulla direkte ut på golvisolasjonen mellom bjelkane, og blir liggjande litt under golvborda.

Golvvarme gjev jamn varme i heile rommet og kan brukast både i bustader, skular, industribygg, kyrkjer med meir.

Kjelder endre

  1. «golv» i Nynorskordboka.
  2. «gulv» (27.02.2013) i Store norske leksikon.

Bakgrunnsstoff endre