Gummi

gruppe polymerar med elastiske eigenskapar

Gummi er fleire elastiske eller klistrete stoff som kan koma frå plantar eller framstillast syntetisk. Dei høyrer til ei gruppe av polymerar kjend som elastomerar.[1] Historisk har ein vunne ut ulike typar gummi av sekret frå plantar, som akasie, mjelt eller gummitre. Plantesafta lateks er opphavet til naturgummi,[2] som hovudsakleg er danna av polyisopren.[3] Syntetisk gummi er polyisopren som er danna gjennom polymerisasjon av isopren.

Gummistykke brukt til å reinska skrivemaskin.
Gummi arabicum
Samling av lateks frå eit gummitre.

Ordet «gummi» kjem frå latin gummi eller cummi, avleidd frå gresk kommi (κόμμι).[4][5] Gjennom tidene har ein brukt harde, vassløyselege gummitypar som gummi arabicum og tragant til ulike føremål, som bindemiddel i farging og trykking, naturmedisin, tekstilstivar eller som stabilisator i næringsmiddel.

Naturleg lateks er blitt omdanna til kautsjuk (rå naturgummi), chicle, balata og guttaperka. Stoffet kan brukast i lim, måling, sparkelmasse, til impregnering og belegging av papir og tekstilar og til produkt som klede, til dømes badehetter, hanskar og våtdrakter, kondom, kateter, ballongar og dekk.[2] Syntetisk lateks og syntetisk gummi har liknande eigenskapar som naturgummi, og kan brukast til dei same føremåla.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Ore, Sven (24. juli 2020). «gummi». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  2. 2,0 2,1 Ore, Sven; Helseth, Lars Egil (27. september 2018). «lateks». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  3. «polyisoprener». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 28. september 2014. 
  4. «gummi» i Nynorskordboka.
  5. «gum, n.2». Oxford English Dictionary (3. utg.). Oxford University Press. September 2005.  (Krev abonnement eller medlemskap i britisk offentleg bibliotek.)