Gon (av gresk γωνία (gōnía), vinkel) er ei måleining av ein vinkel i planet, og svarer til 1400 av ein full sirkel og dermed 1100 av ein rett vinkel. Ein gon er lik 910 av ein grad eller π200 av ein radian. Gon vart tidlegare kalla nygrad og skriven med g, ein heva minuskel g. Vanlege inndelingar av ein gon er centigon og milligon.

Eininga har opphavet sitt i Frankrike som ein del av det metriske systemet. På grunn av samanblanding med den eksisterande eininga grad – spesielt i Nord-Europa – vart namnet gon innført.

Sjølv om det vart gjort forsøk på ei generell innføring av eininga, var det berre nokre land som byrja å bruke han og då innanfor spesialiserte område som landmåling (og orientering). Ein av fordelane ved å bruke gon, er at ein skilnad i breidde på éin centigon (1100 gon) svarer til omtrent éin kilometer (1000,1966 m (WGS 84) i gjennomsnitt; 995,1687 m (WGS 84) ved ekvator, 1005,2456 m (WGS 84) ved polane[1]). (Dette ville gjort at nautisk mil vart overflødig.)

Den meir kjente eininga grad, 1360 av ein sirkel, eller den matematisk meir laglege eininga radian, 1 av ein sirkel (som nyttast i SI-systemet), vert vanlegvis heller brukt enn gon.

Kjelder endre