Kjønnskjertel

(Omdirigert frå Gonade)

Kjønnskjertel eller gonade er eit organ i forplantingssystemet som produserer kjønnsceller. Hjå nokre dyr blir det også danna kjønnshormon i gonadane. Det er rekna som eit primært kjønnsorgan. Gonadane utviklar seg frå eit ukjønna utgangspunkt i embryoet.

Gonadane i glasmanet er synlege som fire ringar i den gjennomsiktige kroppen.

Hjå virveldyr er gonadane eggstokkar hjå hodyr og testiklar hjå hanndyr. Funksjonen til gonadane blir styrt av luteiniserande hormon (LH) og follikkelstimulerande hormon (FSH) som blir skild ut i adenohypofysen etter påverknad frå gonadoliberin som er kontrollert av hypotalamus.

KjelderEndra

  Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.