Forplantingssystem

Forplantingssystem er organsystem som organismar kan bruka til å formeira seg. Forplantingsorgana har som oppgåve å produsera kjønnshormon, laga og lagra kjønnsceller og hjå nokre hodyr å ta vare på foster under drekt/svangerskap. Forplantingssystemet kan omfatta kjønnsorgan, væsker, hormon, feromon og noko som regulerer produksjonen av desse.

Forplantingssystemet til landsniglen Paryphanta busbyi.

Dyr endre

Virveldyr har ganske like forplantingssystem. Dei har hypotalamus i hjernen som regulerer kjønnshormon og gonadar som produserer kjønnsceller, eggceller i hodyr og sædceller i hanndyr. Desse cellene kan leiast ut frå kroppen anten gjennom ein kloakk (til dømes hjå kloakkdyr og mange fuglar) eller eggleiarar/sædleiarar til eit anna organ, som livmor eller penis (hjå placentale pattedyr).

Hjå dyr som har indre befrukting blir sædceller ført inn i kroppen til hoa gjennom ein kanal, til dømes ei vagina, gjennom paring, slik at kan eggcella befruktast inne i kroppen til hoa. Ei befrukta kan så anten få vernande lag i eggleiaren og bli lagt som egg, eller bli verande i hoa fram til fødselen.

Hjå virvellause dyr finst ei rekkje ulike utformingar av forplantingssystema. Bortsett frå blekksprutar og leddyr er dei fleste av desse dyra hermafrodittar og har ytre befrukting.

Plantar endre

 
Skjematisk teiking av ein blom.

Viktige forplantingsorgan i plantar er sporofyllar, blad med sporangium, som er små sekkar der det blir forma sporar. Desse finn ein i karsporeplantar, nakenfrøa plantar og hjå blomstrande plantar.

Hjå blomstrande plantar finn ein forplantingssystemet i blomen. Einkjønna blomar er anten mannlege strukturar med pollenberarar eller kvinnelege med fruktemne, medan tokjønna blomar har både mannlege og kvinnelege kjønnsorgan.

Ein del av forplantingssystemet går ut på å føra pollen til ein fruktlekam. Dette kan skje ved sjølvpollinering eller med hjelp utanfrå, til dømes ved at pollenet er utforma slik at det lett blir ført med av vind, vatn eller ved at noko ved blomen lokkar til seg insekt som pollen kan klistra seg til og dermed bli ført til ein annan blom. For å tiltrekka seg insekt danner blomane næringsstoffet nektar, fargerike eller mønstra kronblad eller ei særskild lukt.

Hjå mose, karsporeplanter og nakenfrøingar blie sædceller danna i små, runde strukturar kalla anteridium som finn vegen til ei eggcelle i ein flaskeforma struktur kalla arkegonium.

Sopp endre

 
Skjematisk teikning av «bru» mellom hyfar frå koplingssoppar (Zygomycota).

Sopp har mange ulike måtar å reprodusera seg på. Nokre av dei dannar spesialiserte forplantingsorgan i visse periodar av livssyklusen sin, teleomorf og anamorf.

Sopp har ofte ulike paringstypar som befrukter kvarandre. Desse ser like ut, og blir ofte omtalt med ulike teikn eller bokstavar i staden for mannlege og kvinnelege. Ved paring går hyfar frå to ulike paringstypar saman i ein forplantingsstruktur og dannar sporer. Strukturen kan danna ei «bru» som i koplingssoppar, «sekk» hjå den eine paringstypen som i sekksporesoppar, eller ei krysskopling som i stilksporesoppar.

Fruktlekamen, det ein gjerne kallar «sopp» i daglegtale, er ein del av forplantingssytemet som er danna for å spreia sporer. Desse organa hjelper dei til å spreia sporar, til dømes ved å skyta dei utover i ein slags eksplosjon.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.