Testikkel

(Omdirigert frå Testiklar)

Testiklar er gonadar i hanndyr, den delen av kjønnsorgana som lager mannlege kjønnsceller, sperm, og kjønnshormon.

Skjematisk teikning av dei mannlege kjønnsorgana i eit menneske med testikkel markert.
Anatomisk teikning av penis og testiklar.

Plassering endre

Pattedyr har to testiklar som ofte finst utanfor kroppen i ein hudsekk kalla pungen eller skrotum. Grunnen til at dei er skilde frå resten av kroppen er at sperm kan lagast meir effektivt ved ein lågare temperatur enn normal kroppstemperatur. Testiklane kan ofte hevast og senkast for å oppnå best mogleg temperatur. Som regel er dei to testiklane plassert på litt ulikt nivå slik at dei ikkje skal slå mot og skada kvarandre.

Utvikling endre

Testiklane svarer til eggstokkane i hodyr. Dei blir danna nær nyrene under fosterutviklinga, og flytter seg ned i pungen like før fødselen.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre