Do Anything You Say
(Omdirigert frå Good Morning Girl)
Do Anything You Say Singel av David Bowie | ||
B-side |
«Good Morning Girl» | |
---|---|---|
Utgjeve | april 1966 | |
Innspelt | Pye Studios, London, 7. mars 1966 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 2:32 | |
Selskap | Pye Records Pye 7N 17079 | |
Låtskrivar(ar) | David Bowie | |
Produsent | Tony Hatch | |
David Bowie-kronologi | ||
«Can't Help Thinking About Me» (David Bowie and the Lower Third) 1966 |
Do Anything You Say | «I Dig Everything» 1966
|
«Do Anything You Say» er ein song av David Bowie, gjeven ut som singel i 1966.
Sjølv om songen vart spelt inn med backingbandet til Bowie på denne tida, The Buzz, er singelen den første som berre er tilskriven David Bowie. Songen er ein av dei siste soulaktige songane Bowie skreiv på denne tida. Singelen selde dårleg og nådde ikkje salslista.
B-sida til singelen var «Good Morning Girl», ein sprudlande, swing-aktig poplåt der Bowie mellom anna driv med scat-synging. Songen er som ei blanding av ein ung Van Morrison, Georgie Fame og the Dave Clark Five-songen «I Need Love».[1]
Medverkande
endre... og ukjende studiomusikarar
Andre utgjevingar
endre- Pye gav ut singelen i Storbritannia i september 1972 med «I Dig Everything» som B-side. Dette var eit forsøk på å tene pengar på den nye populariteten Bowie fekk med «Ziggy Stardust».
- Songen finst òg på samlealbuma
- Don't Be Fooled by the Name (Japan)
- The Collection (1985)
- 1966 (1988)
- Introspective (1990)
- Early On (1964-1966) (1991)
- I Dig Everything EP (1999)
Andre versjonar
endre- The Great Imposters - Dollars in Drag: A Tribute To David Bowie
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Do Anything You Say» frå Wikipedia på engelsk, den 26. april 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Pegg, Nicholas, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2000, ISBN 1-903111-14-5