Goodbye Mr Mackenzie
Goodbye Mr Mackenzie er ei skotsk rockegruppe som blei danna i Bathgate nær Edinburgh. På den kommersielle toppen sin bestod gruppa av Martin Metcalfe på vokal, John Duncan på gitar, Fin Wilson på bassgitar, Shirley Manson og Rona Scobie på keyboard og bakgrunnvokal og Derek Kelly på trommer.
Goodbye Mr Mackenzie | |||
Aktiv | 1981– | ||
---|---|---|---|
Sjanger | alternativ rock | ||
Plateselskap | Capitol Records |
Gruppa blei kjend på byrjinga av 1980-talet etter å ha gjeve ut to singlar, og skreiv så platekontrakt med Capitol Records. Ho gjekk inn på dei britiske salslistene med debutalbumet Good Deeds and Dirty Rags og singelen «The Rattler», men gruppa blei hindra av konfliktar i plateselskapet, og slo ikkje gjennom utanfor Storbritannia.[1] Gruppa blei oppløyst i 1993. Manson, Metcalfe, Wilson og Kelly gjekk saman om å skipa Angelfish for å fortsette å spela inn musikk. Manson blei så vokalist i Garbage i 1994, og Goodbye Mr Mackenzie heldt sin siste konsert i slutten av 1995.[2]
I 2019 kom gruppa saman att og la ut på turné i Skotland. Manson var ikkje med grunna turnering med Garbage.[3]
Gruppa blei til då Martin Metcalfe fortsette frå den fyrste gruppa si Teenage Dog Orgy[4] i 1984. Ho fekk namn etter ein roman frå 1931 av forfattaren Jean Rhys, After Leaving Mr. Mackenzie.[5]
Den fyrste singelen til gruppa blei gjeven ut gjennom eit pilotkurs for musikkindustrien ved Bathgate College under Youth Training Scheme. Singelen Death of a Salesman kom ut i 1984 i 1000 eksemplar, med ein song av Lindy Bergman på baksida, og blei raskt utseld.[6] Kort tid etter skreiv gruppa under ein managementavtale med Precious Organisation, som nettopp hadde lansert ei anna skotsk gruppe, Wet Wet Wet. Precious klarte å få begge desse gruppene med på Honey at the Core frå 1986, ei samling av nye og lovande skotske grupper samla av Glasgow Herald-journalisten John Williamson. Dei gav også ut den fyrste kommersielle singelen til gruppa, «The Rattler». Singelen leid under mangel på distribusjon, men blei spelt på Radio One og Radio Clyde. Ein heimelaga musikkvideo for singelen blei sendt på The Chart Show. Bandet framførte òg «The Rattler» på tv-programmet The Tube.[7] Precious organiserte møte mellom gruppa og plateselskap i Glasgow, men etter at ho ikkje fekk interesse frå desse selskapa, valde ho å forlata Precious.[7]
Debutalbum og Hammer and Tongs (1987-1992)
endreEtter å ha forlate managementet gav gruppa ut ein uavhengig 12-toms-singel, Face to Face, i 1987, og skreiv platekontrakt med Capitol Records. Capitol gav ut tre singla i multiformat. Av desse hadde gjenutgjevinga av «The Rattler» mest suksess, og kom på 37. plassen på topplista i 1989. Albumdebuten Good Deeds and Dirty Rags følgde, og nådde 23. plassen på UK Albums Chart. Ein annan singel frå albumet, «Goodwill City», enda på 49 plass. Capitol avslutta året med å gje ut Fish Heads and Tails, ei samling av livespor og B-sider,[7] medan bandet flytta til studio i Berlin for å opptake sitt andre album. Her var medlemmane i gruppa vitne til at Berlinmuren fall.
Året etter blei gruppa overført innanfor EMI, frå Capitol til Parlophone, som gav ut dei to nye innspelingane «Love Child» og «Blacker Than Black» (den siste over heile Europa og i Nord-Amerika) som singlar. Låtane nådde ikkje same plasseringa som «The Rattler» hadde hatt året før, og som svar stoppa Parlophone den planlagde utgjevinga av det andre albumet til gruppa, Hammer and Tongs.[8] Bandet heldt fram med å turnera, blei spelt på skotsk radio og opptredde på den fjernsynsoverførte konserten The Big Day på Glasgow Green.
Five (1992-1994)
endreGary Kurfirst, som var manager for Talking Heads og Debbie Harry, kjøpte kontrakten til bandet frå Parlophone og signerte dei til sitt eige merke Radioactive, eit dotterselskap av MCA. Radioactive var ivrige etter å gje ut det andre albumet til gruppa, men kravde eit listevennleg spor. Dei fullførte innspelinga av «Now We Are Married», i Edinburgh, og Radioactive gav ut sporet som singer frå Hammer and Tongs. Ingen av utgjevingane kom inn på listene, og gruppa blei overtala til å forlata platselskapet av manageranes ine.[8] Radioactive gav elles ut eit samlealbum av to utgjevingar frå bandet med Goodbye Mr. Mackenzie i Nord-Amerika, Europa, Australia og Japan.
Gruppa heldt fram med å skriva materiale; Manson fekk òg høve til å spela inn vokal på ei rekkje spor som var planlagt for det tredje albumet til bandet, med tittelen Five.[9] Til slutt blei Manson berre med på ein duett, «Normal Boy». Gruppa gav ut albumet på sitt eige merke, Blokshok.
Angelfish og oppløysing (1994)
endreMed forholdet mellom MCA og leiarskapen til gruppa på eit lågpunkt, forlet bandet MCA. Gary Kurfirst ville halde fram med å arbeida med gruppa, og føreslo at ho skulle spela inn eit album med Shirley Manson på vokal. Etter å ha høyrt fleire demoar, skreiv Kurfirst kontrakt med Manson som soloartist til Radioactive, medan Metcalfe, Kelly og Wilson skreiv under på utgjevingsavtalen.[8] Manson og gruppa spelte inn spora under namnet Angelfish i lag med Chris Frantz frå Talking Heads og Tina Weymouth.[8] Eit av spora, «Suffocate Me», blei sendt til collegeradioastasjonar, der det blei godt motteke. Albumet Angelfish og den andre singelen «Heartbreak to Hate» følgde i 1994. Angelfish turnerte i USA, Canada, Frankrike, Belgia og støtta Live på ein turné i Nord-Amerika i lag med Vic Chesnutt. Musikvideoen til «Suffocate Me» blei sendt på MTV-programmet 120 Minutes. Produsenten og musikaren Steve Marker såg sendinga og meinte Manson ville vera ein perfekt songar for bandet sitt, Garbage, som òg omfatta produsentane Duke Erikson og Butch Vig.[10] Manson forlét Angelfish og The Mackenzies for å bli med i gruppa.[7]
Manson gjekk over til Garbage i 1994. Derek Kelly, Fin Wilson og Martin Metcalfe danna eit nytt band, Isa & the Filthy Tongues med den amerikanske songaren Stacey Chavis.
Gjendanning i 2019
endreI eit intervju med Edinburgh Evening News den 4. april 2019 kunngjorde Martin Metcalfe at Goodbye Mr Mackenzie skulle gjendannast og ha ein liten skotsk turne.[11] Gruppa heldt oppvarmingskonserter i Dundee den 17. mai og Dunfermline den 18. mai, følgd av fullstendige konserter i Glasgow på The Garage (der dei hadde hatt avskjedskonserten sin) den 22. mai, Aberdeen Lemon Tree den 23. mai og Edinburgh Liquid Rooms den 25. og 26. mai 2019. Dette blei følgd av ein vinterturné i Storbritannia, og enda med ein utseld konsert på Glasgow Barrowlands den 20. desember.[12][13]
I intervju for å promotera turnéen av Metcalfe fortalde han om ei rekkje hindringar som måtte overvinnast for å gjenforeina bandet, mellom anna Duncan sin multipel sklerose og det at Scobie ikkje hadde spelt keyboard på over 20 år. Han skildra Duncan si evne til å læra gitatdelane sine på nytt til trass for dei pågåande helseproblema sin som «litt av eit mirakel».[14] Ein dokumentar om gjenforeininga med tittelen Until the End of the Road kom ut i 2020.[15]
Livealbumet A Night in the Windy City kom ut i februar 2021 og synte konserten på Glasgow Barrowlands i 2019.[16]
Diskografi
endreAlbum
År | Album | Område | Merke | Merknad |
---|---|---|---|---|
1989 | Good Deeds and Dirty Rags | Storbritannia | Capitol Records | Debutalbum Nådde 26. plassen på UK Albums Chart[17] |
Fish Heads and Tails | Storbritannia | Samlealbum med livespor og uvanlege spor | ||
1991 | Hammer and Tongs | Storbritannia | Radioactive Records/MCA | Andre studioalbum Nådde 61. plassen på UK Albums Chart[17] |
Goodbye Mr Mackenzie | Internasjonal | Samlealbum med spor frå begge album, remiksa | ||
1993 | Live on the Day of Storms | Storbritannia | Blokshok Records | Livealbum |
1994 | Five | Storbritannia | Tredje studioalbum | |
1995 | Jezebel | Storbritannia | Samling av uvanlege spor | |
1996 | The Glory Hole | Storbritannia | Fjerde og siste studioalbum. Manson, Scobie og Duncan er ikkje med | |
2005 | The River Sessions | UK | River Records | Dobbelt livealbum |
2009 | The Rattler: Live '91 | Storbritannia | MD Music Company | Livealbum (digital utgjeving) |
Kjelder
endre- ↑ «Goodbye Mr. Mackenzie Biography». Henta 11. januar 2015.
- ↑ «Goodbye Angelfish». Record Collector. 1. februar 1997.
- ↑ https://www.edinburghnews.scotsman.com/read-this/good-deed-days-a-hello-from-martin-metcalfe-as-goodbye-mr-mackenzie-return-921134
- ↑ «Teenage Dog Orgy « Thoughts From A Soiled Belief». Henta 13 March 2018.
- ↑ «Goodbye Angelfish». Record Collector. 1. februar 1997.
- ↑ «Goodbye Angelfish». Record Collector. 1. februar 1997.
- ↑ 7,0 7,1 7,2 7,3 «Goodbye Angelfish». Record Collector. 1. februar 1997.
- ↑ 8,0 8,1 8,2 8,3 «Goodbye Mr Mackenzie - Biog». Blokshok Productions. Henta 8. mars 2009.
- ↑ «Lucklaw Hill (The birth of Angelfish & Goodbye Mr MacKenzie MK2)». Blokshok Productions. Henta 8. mars 2009.
- ↑ «Garbage: Behind The Music». Behind The Music. 31. mars 2002.
- ↑ «Martin Metcalfe looks forward to Goodbye Mr Mackenzie's return, 30 years after release of debut album Good Deeds and Dirty Rags». Henta 29 April 2020.
- ↑ «GOOD DEEDS AND DIRTY RAGS 30TH ANNIVERSARY TOUR». Henta 30. april 2020.
- ↑ «GOODBYE MR MACKENZIE // BARROWLAND BALLROOM, GLASGOW». Henta 30. april 2020.
- ↑ «A quick conversation with Martin Metcalfe of Goodbye Mr Mackenzie». Henta 20. mai 2020.
- ↑ «Until The End of the Road».
- ↑ «NEW ALBUM- Goodbye Mr Mackenzie- Live Album- A Night in the Windy City». Henta 10. februar 2021.
- ↑ 17,0 17,1 Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19. utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 231. ISBN 1-904994-10-5.
- Denne artikkelen bygger på «Goodbye Mr Mackenzie» frå Wikipedia på engelsk, den 22. august 2024.