Gossa
(Omdirigert frå Gossen)
Gossa (dativ Gossen) er ei øy som utgjer størstedelen av Aukra kommune i Romsdal.
Gossa | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Romsdal |
Koordinatar | 62°49′10″N 06°51′52″E / 62.81944°N 6.86444°E
|
Areal | 46,5 km²
|
Høgaste punkt | 98 moh. |
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Møre og Romsdal |
Største busetnad | Aukra (978 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | ca. 2500 (2024) |
Folketettleik | 54 /km² |
Rundt 2500 personar bur på Gossa, som er 46,5 km² i flatemål.[1] Øya er flat og myrlendt – høgaste punktet er 98 m – og første leddet i namnet kjem da truleg av gorr, gørr – «dy», «gjørme».[1]
Nordaust på øya ligg ein gassterminal som tek imot gass frå Ormen Lange-feltet. Gossa er knytt til fastlandsdelen av kommunen via ferjesambandet Aukra – Hollingsholmen.
Tettstad
endre- Aukra, 978 innbyggjarar (1. januar 2024)
1801[2] | 1900[3] | 2000[4] | 2024[4] |
---|---|---|---|
340 | 1062 | 2396 | 2523 |
Merknadar
endreKjelder
endre- Statistisk sentralbyrå: Statistikkbanken
- Referansar
- ↑ 1,0 1,1 «Gossa» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ Folketeljing 1801 for Aukra prestegjeld, frå Digitalarkivet
- ↑ Folketeljing 1900 for Aukra herred, frå Digitalarkivet
- ↑ 4,0 4,1 Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå